Sideblikk

Folkevilje i høgre- og venstreham

Venstrepopulistar vil visa at dei er meir enn eit spøkelse, og Mímir er blitt profeten deira.

Mímir Kristjánsson i ein demonstrasjon framfor Stortinget i 2021.
Mímir Kristjánsson i ein demonstrasjon framfor Stortinget i 2021.
Publisert

Når vekstforholda ligg til rette, kan stormande aksjonsgrupper av ulike slag skyta opp som paddehattar etter politisk regn. Dei fleste blir kortliva: Den akutte saka går over, og striden legg seg, eller gruppene løyser seg opp i indre motsetnader og personkamp. Somme aksjonar blir slusa inn i politiske parti, institusjonaliserer seg som fasttømra interesseorganisasjonar eller konverterer til konsulentselskap.

POPULISTISKE arbeidsgrupper (PAG) stifta seg i Bergen i 1971. Utgangspunktet var eit radikalt styre i studentsamfunnet, sett saman av venstreutbrytarar frå Venstre, kristensosialistar og element frå SF og ungdomspartia i det politiske sentrum. Dei var grøne, systemkritiske, desentralistiske og antikapitalistiske, og med slike trådar vov dei saman ein tynn ideologisk prøvepakke. Dei ville driva lokale og utanomparlamentariske aksjonar nedanfrå, og dei ville bygga alliansar i mange retningar. Dei såg kampen mot EF og for kysten som sine definerande og finaste stunder.

MERKELAPPEN og innretninga hadde dei frå Ottar Brox. I boka Hva skjer i Nord-Norge? løfta han populistisk inn i faglege analyser og samfunnsdebatt, som motsats til teknokratisk sektortenking. «Bidrag til en populistisk argumentasjon», kalla han ei samling polemiske artiklar.

Brox var inspirator og fråskriv seg ikkje farskapet, men han tok ikkje på seg oppfostringsansvar. Han var sjølv aktiv i Sosialistisk Folkeparti og seinare SV, og då populisme blei til eit stempel på lettvint retorikk frå Framstegspartiet, angra han på at han hadde stått politisk fadder til omgrepet. Men ekte og uekte søner og døtrer ville framleis vera populistar og
broxianarar.

BERGENSPOPULISTANE var seriøse, men ikkje humørlause. Då dei fann opp Karl Populos som ideologisk førebilde og spøkelse, såg dei marxist-leninistiske fiendane deira på det som blasfemi, og dei blei krenkte, og slik var det meint.

Dei retorisk væpna og sjølvinnbilt proletarisk revolusjonære bar plakatar med bilde av Marx, Engels, Lenin, Stalin og Mao. Om PAG-arane skulle ha bore sine høvdingbilete, ville det ha vore Ottar Brox, Hartvig Sætra og Gunnar Skirbekk: Brox med hushald og lokalsamfunn, Sætra med økologi, Skirbekk med motekspertise.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement