For vår og deira fridom
Måndag svara Putin på eksplosjonen på Krym-brua med å bombe bustadblokker, leikeplassar og sivil infrastruktur over heile Ukraina.
Oleksandra Matvijtsjuk ved Senter for sivile rettar på pressekonferansen i Kiev 8. oktober. Ho kvitterer for Nobelprisen med eit gamalt dissidentslagord: «For vår og deira fridom».
Foto: Vladyslav Musiienko / Reuters / NTB
Tilbake til februar, tilbake i bombehola under jorda, skreiv ein menneskerettsforkjempar vi jobba saman med på Facebook same dag. Eg vart òg tatt attende til dei fyrste vekene etter at Russland sette i gang sin fullskalakrig mot Ukraina, då vi brukte morgonane på å finne ut kvar partnarane våre oppheldt seg, og om dei var trygge.
Etter at eg hadde sendt fleire meldingar for å høyre om Oleksandra Matvijtsjuk, leiaren for Senter for sivile rettar, planla å dra frå Kyiv etter 24. februar, skreiv ho til meg at ingen i staben hennar planla å forlate hovudstaden. Dei blei i Kyiv gjennom vinteren.
Oleksandras fyrste reise ut av landet gjekk til Oslo Freedom Forum og Wexfo på Lillehammer i slutten av mai. Det var ein sliten menneskerettsforkjempar som møtte oss, men bodskapen hennar var klar: Om ikkje dei internasjonale mekanismane klarte å stoppe krigen, måtte vi etablere nye. Oleksandra vegra seg ikkje for å seie kva ho meinte. Sidan mars hadde senteret hennar i samarbeid med andre organisasjonar dokumentert krigsbrotsverk under ein koalisjon med namnet «Tribunal for Putin».
Kritiske røyster
På fredag fekk Senter for sivile rettar telefonen om at dei var tildelt Nobels fredspris saman med Memorial og den belarusiske menneskerettsforkjemparen Ales Bjaljatski frå organisasjonen Viasna. Det tok ikkje lang tid før dei fyrste kritiske røystene dukka opp i Ukraina. Dei meinte at å gje prisen til ein ukrainsk organisasjon saman med to representantar frå nabolanda som hadde gått til åtak på Ukraina, ikkje var innanfor.
Fleire ytra at dei såg på prisen som eit patetisk forsøk frå Vesten på å fremje brorskap mellom nasjonane midt i ein brutal krig. At korkje russiske eller belarusiske organisasjonar hadde makta å organisere motstand mot krigen, vart òg gjenteke i kommentarar på sosiale medium.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.