Utdanning

Føre var med framandspråk

Framandspråka er naudsynte i arbeidslivet. Dei kan òg bli viktige for beredskapen, påpeiker forskarar.

Publisert Sist oppdatert

– I røynda er det nesten ikkje forska på behovet for framandspråk i offentleg sektor, seier Debora Carrai.

– Men det finst eit reelt behov.

Carrai er førsteamanuensis i framandspråkdidaktikk ved Universitetet i Oslo. No har ho og to andre forskarar kartlagt kva kompetanse ein treng i Utanriksdepartementet.

– Resultata syner at engelsk ofte kan nyttast i formelle situasjonar, til dømes i forhandlingar. Men når ein kjem til det uformelle, som mingling, fortel informantane at det ofte er andre framandspråk som opnar dører. Då treng ein interkulturell kompetanse, og det kjem saman med språkkunnskapane, fortel Carrai.

Dette gjeld òg for næringslivet, fortel Kaja Graaner Humberset. Ho har skrive mastergrad om korleis norske verksemder samarbeider med franske. Det gjekk ikkje knirkefritt, sjølv om båe sider kunne kommunisere på engelsk.

– Det oppstod mange kulturelle og språklege misforståingar. I Frankrike legg ein stor vekt på sosialt samvær og å vere høfleg. Om ei norsk verksemd reiser til Paris for å underteikne kontrakt ein fredag formiddag, ønskjer franskmenn at dei blir heile helga for å vere saman å knyte tettare band. Men nordmennene flyg gjerne heimover for å rekke fram til hytta same kveld. Då blir det krasj. Vi er ulike kulturelt sett òg, ikkje berre språkleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement