Kommentar
«Førebygging av flaum og skred gjev betre avkastning enn oljefondet.»
Frå flaumen i Utvik i 2017.
Foto: Oddbjørn Bruland
Verdsbanken viser at for kvar krone investert i tiltak som reduserer konsekvensane av flaum og skred, får vi opp mot ti kroner tilbake i samfunnsøkonomisk verdi. Det er så høg avkastning at det er meiningslaust å rekne om i prosentar.
Ein tilsvarande studie med tilsvarande resultat er nyleg gjord i Noreg. Til samanlikning har den gjennomsnittlege avkastninga i oljefondet vore på 6,3 prosent. Det vil seie at ei krone investert i oljefondet har gjeve 1,063 kroner tilbake. Då verkar det logisk for ein normalt utrusta person kor vi bør investere oljepengane våre. Det er det tydelegvis ikkje for staten Noreg.
I første halvår i år sette staten nemleg inn 188 milliardar koner i oljefondet. Samtidig løyvde staten 472 millionar kroner eller 0,25 prosent av dette til flaum, ras og skredsikring for heile 2024. Vi er alle glade for å ha oljefondet, som skal sikre pensjonen vår, men når hus blir vaska på fjorden og samfunnet rundt oss raknar i saumane, blir ikkje pensjonen lenger vår største bekymring. Vil vi då ein gong i framtida leite fram rapporten frå Verdsbanken og lure på kvifor vi ikkje heller investerte meir i forbygging og klimatilpassing?
Slekta «Hans» kjem
Og det er mogleg. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har estimert at det trengst 85 milliardar kroner for å sikre Noreg mot skred i bratt terreng, flaum, erosjon og kvikkleireskred. Eller om lag halvparten av det vi pøste inn i Oljefondet første halvår i år. Bakgrunnen for verdiane Verdsbanken kjem fram til, er at reparasjon og tap av samfunnsøkonomiske verdiar er langt dyrare enn førebygging. Dess lenger vi ventar med å sette i gang omfattande tiltak, dess mindre avkastning sit vi med andre ord igjen med. Med dei løyvingane staten i dag set av til dette arbeidet, vil det ta 180 år før arbeidet er ferdig. Innan den tid har vi hatt altfor mange besøk av verre, farlegare og dyrare slektningar av uvêret «Hans».
Staten veit kva som må til. Dette har regjeringa vist gjennom stortingsmeldinga Tryggare framtid – førebudd på flaum og skred, som kom ut i mai i år. Meldinga peikar på konkrete tiltak og korleis desse må angripast. Ein av premissane som ligg til grunn, er at tiltaka må vere samfunnsøkonomisk lønsame. Sjølv om studien viser at klimatilpassing er svært lønsamt, er det ein god logikk i at tiltak skal prioriterast. Men flaum- og skredmeldinga tek dessverre ikkje stilling til om vi har det kunnskapsgrunnlaget og dei verktøya vi treng for å gjere denne prioriteringa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.