Kommentar

Forfatterforbundet på ranstokt

Kanskje skulle Forfatterforbundet ha noko å vise til før dei speler ut grådigskapen sin. Som ei byrjing kunne dei offentleggjere medlemslista.

Eystein Hanssen då han talte på LOs representantskapsmøte i 2020, første gong Forfatterforbundet var med som eige LO-forbund.
Eystein Hanssen då han talte på LOs representantskapsmøte i 2020, første gong Forfatterforbundet var med som eige LO-forbund.
Publisert

Det er berre sju år sidan nokre forfattarar – mange av dei slike som ikkje tilfredsstilte dei kvalitative opptakskrava til Den norske Forfatterforening (DnF) – skipa sitt eige forbund, Forfatterforbundet (FF), som er ope for alle som skriv skjønnlitteratur. Deretter gjekk det ikkje lang tid før krava kom om likestilling mellom FF og DnF. No er det fordelinga av det statlege bibliotekvederlaget FF ikkje godtek, så gjennom LO leverte dei før jul sivilt skilsdomssøksmål mot DnF for å få halvparten av vederlaget.

Etter at fleire FF-medlemer har trekt seg frå forbundet i protest mot det aggressive utspelet, inviterer FF-leiar Eystein Hanssen no til samtale med DnF. Men det urimelege kravet hans står visst fast. Kva er det då å samtale om?

I 2024 utgjorde vederlaget frå staten 162 millionar kroner, og av dette gjekk 40 prosent til skjønnlitterære vaksenbokforfattarar. I november i fjor avgjorde det uavhengige Forhandlingsutvalet for bibliotekvederlag at DnF skulle ha 25 prosent av desse, FF 15 prosent. Det innebar at FF-delen auka med 2 prosentpoeng – og at DnF-delen blei tilsvarande redusert. Men for FF var ikkje det godt nok.

På eitt punkt er dei to partane heilt samde: Forfattarane får for lite for arbeidet sitt. Det er eit syn som er lett å dele. Men då er det rein og skjær galskap å setje i gang eit stort juridisk apparat – med kostnader i millionklassen – for å tvinge motparten i kne. «Underbetalte» norske forfattarar får ikkje meir ved at organisasjonane som skal representere interessene deira, på dette viset kastar bort millionar som kunne gått til stipend.

Korleis har Eystein Hanssen og resten av styret i FF blitt så forblinda at dei ikkje ser det som er openbert for både skrivande og ikkje-skrivande?

Det forfattarorganisasjonane burde kjempe for, samla og utanfor rettsapparatet, er å få opp bibliotekvederlaget, syte for at staten gir forfattarane skikkeleg kompensasjon for at kvar og ein av oss kan låne bøkene deira gratis i alle landets bibliotek.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement