Intervju
Forsoning i praksis
Denne veka bad Stortinget samane, kvenane og skogfinnane om unnskyldning. No skal mange vedtak settast ut i livet. Men forsoninga kan ingen vedta, seier Einar Niemi.
I august i 1992 bad kong Harald partisanane i Finnmark om orsaking. I 1997 beklaga han uretten den norske staten påførte det samiske folket gjennom ein hard fornorskingspolitikk. Denne veka beklaga også Stortinget.
Foto: Lise Aaserud / AP / NTB
Professor emeritus i historie Einar Niemi er ein av 12 fagpersonar som i 2018 blei oppnemnde til å sitte i Sannings- og forsoningskommisjonen. Kommisjonens oppgåve var å granske fornorskingspolitikken og uretten samar, kvenar og skogfinnar blei utsette for frå midten av 1800-talet. I juni 2023 gav kommisjonen Stortinget ein tjukk og delvis vond sluttrapport. Dag og Tid får ein prat med Niemi like etter møtet i Stortingssalen 12. november, der Stortinget takka for rapporten og tok på seg ansvaret for uretten.
– Utgjer unnskyldninga som no blei gitt i Stortingssalen, eit punktum?
– Kirsti Bergstø hadde eit fint innlegg der ho sa at Stortingets debatt og vedtak markerer både ei avslutning og ei begynning. Det understrekar vi òg i rapporten, der den siste av fem pilarar dreier seg om at vedtaka blir gjennomførte. For oss i kommisjonen var møtet i dag eit punktum, men det er avgjerande at rettane blir gitte i praksis.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.