Utanriks
Forsvar på felgen
Manglande jakker, helikopter på bakken. Det tyske forsvaret er langt frå klart til innsats.
Det tyske forsvaret er kjent for byråkratiske prosessar. Her er kanslar Olaf Scholz på vitjing i forsvarets hovudkvarter Schwielowsee.
Foto: POOL / Reuters / NTB
I slutten av februar kunngjorde forbundskanslar Olaf Scholz eit tidsskifte for den tyske tryggingspolitikken. I sentrum av dette tidsskiftet står ei fornying av det tyske forsvaret – Bundeswehr. Tiår med underfinansiering er slutt, og det kjem ei tilleggsløyving på 100 milliardar euro berre i år. På sikt skal Tyskland nytte langt meir enn 2 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP) på forsvar.
Vi treng skip som flyt og fly som flyg, sa forbundskanslaren i talen sin. Det høyrest banalt ut for eit moderne forsvar, men det er altså der det tyske militæret står.
Sist veke presenterte spesialrapportør for militærspørsmål i den tyske forbundsdagen, Eva Högl, rapporten sin om tilstanden i det tyske militæret. Resultatet var nedslåande. «På kvar einaste vitjing melder soldatane om manglar», sa Högl på pressekonferansen.
Til og med ute i felt manglar det utstyr. I Litauen leier tyskarane Natos militære nærvær Enhanced Forward Presence (EFP) – dit Noreg nyleg sende 350 soldatar. Der manglar dei tyske soldatane alt frå vasstette jakker til varmt undertøy. Investering i forsvar handlar ikkje berre om militær opprusting.
«Vi er meir eller mindre blanke», skreiv øvstkommanderande i den tyske hæren, Alfons Mais, dagen etter at Russland gjekk til åtak på Ukraina. «Sjansane vi har til å hjelpe alliansepartnarane våre er ekstremt avgrensa», heldt hærleiaren fram i innlegget som vart lagt ut på LinkedIn-nettverket. Korleis har det seg at det tyske forsvaret er så skralt?
Allianse
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.