Forsvarar universitetsboikott
Folkerettsprofessor Terje Einarsen meiner samarbeid med israelske universitet, er med på å legitimere ulovleg okkupasjon, folkemord og brotsverk mot menneske.
Situasjonen på Gaza no gjev grunn til å seie opp samarbeidsavtalar med israelske universitet, meiner folkerettsprofessor Terje Einarsen. Bilete frå Khan Younis sør på Gaza.
Foto: Mohammed Salem / REUTERS
Som Dag og Tid skreiv førre veke, har jussprofessor Eirik Holmøyvik ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen prøvd å få omgjort eit fakultetsstyrevedtak om å seie opp ein studentutvekslingsavtale med Universitetet i Tel Aviv. Han meiner avtalen vart sagd opp utan prinsipiell vurdering i forkant og utan at saka var godt nok utgreidd, og stiller seg òg spørjande til at avgjerder om akademisk boikott vert gjorde på fakultetsnivået.
– Spørsmålet er om vi på fakultetsnivået har ressursar til å undersøkje og ta stilling til etiske brot på standardar, sa han til Dag og Tid.
Professor i folkerett og styreleiar i den norske avdelinga av Den internasjonale juristkommisjonen, ICJ, Terje Einarsen, som var for vedtaket gjort i Bergen, meiner derimot det ligg føre meir enn nok informasjon til å gjere klare vedtak om å boikotte samarbeid med israelske universitet.
– Overgrepet som går føre seg mot palestinarane på Gaza, er i seg sjølv eit viktig argument for å avslutte samarbeidet. Det dreier seg om ufattelege handlingar som også folkerettsdomstolen, både i januar og i mars, har vurdert som mogleg folkemord. I tillegg har du det enorme og brutale åtaket på akademia i Gaza. Mange meiner det i seg sjølv er nok til at akademia i Noreg må ta tak. Og som eit tredje element kjem spørsmålet om kva rolle universitetet i Israel har i krigen, seier Einarsen.
Han seier det i fyrste omgang dreier seg om etisk baserte argument eller omsyn, men at det i forlenginga òg reiser seg spørsmål om etisk ansvar.
– Innanfor demokratiet
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.