Økonomi
Fortid for alle pengane
Kor mange museumsbygg- og gjenstandar treng vi, og kor store ressursar skal vi bruke på dei?
Nær ti tusen gjestar kjøpte i fjor billett for å sjå Heljegardsstabburet og Vigdalsloftet i De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum.
Foto: Bjorn Erik Pedersen / Wikimedia Commons
Ein dag i juni rusla dronning Sonja rundt ved Jølstravatnet i Sunnfjord. Sola skein, folk lufta bunaden, og det var – som ordførar Jenny Følling sa – som om alle dei frammøtte sat i eit Astrup-måleri.
– Astruptunet har fått ei skikkeleg ansiktsløfting. Det er eit solid stykke fagleg arbeid som er utført. No er det om lag slik det var den gongen Astrup gjekk rundt her i tunet, talte ho.
Ansiktsløftinga ho sikta til, før dronning Sonja klipte snora, er eit resultat av fire års restaureringsarbeid med ei økonomisk ramme på 46 millionar kroner. Sparebankstiftelsen DNB løyvde 10 millionar. Ein stor slump gjekk til å restaurere den store hagen til Nikolai Astrup, som tok vare på og eksperimenterte med artar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.