Fossilforsvararen
Dei økonomiske konsekvensane av klimaendringane blir så små at dei knapt kan merkast, meiner økonom Øystein Sjølie.
Ekofisk-feltet i Nordsjøen i 2019, 50 år etter det første oljefunnet. Å stogge norsk oljeutvinning for å redusere CO2-utsleppa ville vore eit stort mistak, meiner Øystein Sjølie.
Foto: Carina Johansen / NTB
Faste lesarar av debattspaltene i Dagens Næringsliv, Aftenposten eller Dag og Tid har truleg sett namnet Øystein Sjølie meir enn ein gong, helst i ordskifte om olje, energi og klimapolitikk. Sjølie er samfunnsøkonom, ein varm forsvarar av norsk petroleumsutvinning og ein hard kritikar av det han kallar «irrasjonelle klimatiltak». No har han vida ut perspektivet sitt i Oljeboka – slik gjør norsk olje og gass verden til et bedre sted, ei bok på nær 400 notepepra sider.
Oljeboka handlar om langt meir enn tittelen røper, mellom anna om kva klimaforskinga fortel om konsekvensane av klimaendringane, og om kva vi bør gjere. Jo meir alvorlege skadeverknader, jo sterkare tiltak kan ein forsvare. Men om tiltaka blir for omfattande, kan kostnaden overgå kostnaden av den globale oppvarminga, og det blir eit samfunnsøkonomisk tap. Kva skal med i desse reknestykka? Og kva er den beste klimapolitikken?
Denne veka møtte Dag og Tid Sjølie – høveleg nok på Kafe Celsius i Oslo – for å snakke om desse store spørsmåla.
Skremsel
– Korleis vil du sjølv skildre trusselen klimaendringane representerer?
– Dei er eit problem for ein del for varme og fattige land, særleg om klimaet blir tørrare. Men ikkje for noko land er klimaendringane den største trusselen. For rike og kalde land som Noreg har dei nesten ingenting å seie, seier Øystein Sjølie.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.