Sideblikk

Fotballen har tapt hovudstaden

Vålerenga har falle ned i skirselden frå eit pengesterkt golv med himmelen til tak.

Søndag 10. desember slo Kristiansund Vålerenga på straffespark i den siste kvalifiseringskampen, som vart spelt på Intility Arena.
Søndag 10. desember slo Kristiansund Vålerenga på straffespark i den siste kvalifiseringskampen, som vart spelt på Intility Arena.
Publisert

Vålerenga er eit sportsleg og organisatorisk konkursbu. Varene er ikkje leverte. «Oslos stolthet» er blitt ei skam for byen. Dei må prøva det som kom til å koma i Bergen: å få bygget på branntomta gjenreist på éin sesong. I ein reklame for Obos på Intility Arena, kalla opp etter ein sponsor i IT-bransjen, heiter det: «Vi bygger nye muligheter på Oslo øst.» Begge delar er nok mindre realitet enn den draumen om Soria Moria.

Vålerenga er som ein smult­ring: Det gode ligg rundt eit tomrom i midten. Den trufaste klanen hadde fortent betre der dei hoppar opp og ned og syng meir kraftfullt enn det tafatte spelet ute på matta.

FORVENTNINGSPRESSET er stort. Spelarane er vel så engstelege for å gjera feil framfor fansen at dei blir forsiktige og forknytte. Ingen taper meir på heimebane enn VIF. Det er imponerande dårleg gjort. Den dyrekjøpte kapteinen frå Lyngdal gøymde seg bort, men som ein av spelarane sa i pausen i lagnadskampen mot Kristiansund: «Vi må få slutt på denne lidelsen.»

Og så blei det berre verre. Ikaros fall ned i skirselden. Nummer 4 i Obos-ligaen straffa nummer 14 i Eliteserien.

AT KÅFFA (KFUM-kameratene, Kristelig forening for unge menn) ligg ein divisjon over VIF, er ein anomali. Det seier mykje om eit nøkternt og solid klubbmiljø med dedikerte spelarar og trenarar på Ekeberg, der dei må bruka fotgjengarfeltet over vegen mellom bane og garderobe.

Men det seier også sitt om luftslottet Vålerenga. Dei har kjøpt middels gode spelarar som blir dårlegare når dei kjem til Intility. Dei har kapra ei gullrekke av trenarar med suksess i andre klubbar, men som har møtt veggen i Vålerenga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement