Politikk
Frå best til versting
Sjølv om det blir oppretta nye stillingar, er dei norske fengsla underbemanna.
Ullersmo fengsel ser ikkje så verst ut frå utsida. Men gjennomtrekken blant dei tilsette er, som i dei aller fleste norske fengsel, stor.
Foto: Tore Meek / AP / NTB
Noreg hadde rykte på seg for å ha dei mest humane fengsla i verda. Særleg Halden fengsel var moderne då det opna i 2010, med store uteområde og flotte kultur-, trenings- og utdanningstilbod.
I 2020 var det 318 tilsette i Halden fengsel. I dag er dei, om vi legg til sjukefråværet, rundt 200. Ofte får dei ikkje følgt dei innsette til aktivitetar utanfor bygget dei bur i. Mange får mindre enn fem timar utanfor cella per døgn. Den europeiske torturførebyggingskomiteen (CPT) tilrår minst åtte timar utanfor cella.
Sivilombodet har kritisert drifta og knyter kritikken til «problematisk reduksjon i bemanning».
Sivilombodet har besøkt fleire fengsel, følgt av medium og fagforeiningar som rapporterer om det same: Underbemanning medfører isolasjon og aggresjon. Kulturen har blitt hardare, med fleire psykisk sjuke, fleire rusavhengige, meir narkotika og fleire kulturkonfliktar enn nokon gong. I tillegg har dokumentasjonskrava blitt skjerpa, noko som stel tid. Dei tilsette blir utslitne og seier opp, og få – om nokon – søker på utlyste stillingar.
Romerikes Blad intervjua i sommar tilsette ved Ullersmo. «Spørsmålet er hvor mye belastning og psykiske utfordringer man skal tåle med den lønna vi får», sa ein.
Utdanna fengselsbetjentar har ei startlønn på 443.000 kroner.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.