Frå Kirkenes liknar sanksjonane hykleri
Sidan 24. februar 2022 har Noreg importert aluminiumsprodukt med opphav i Russland for 213 millionar dollar, eller over 2,3 milliardar norske kroner.
RUSSISK HAV: Kirkenes-samfunnet har bygd opp ein stor industri på russisk maritim aktivitet gjennom mange år.
Foto: Amund Trellevik
– Europa vernar om sin industri, medan vi i Noreg driv med symbolpolitikk, seier industrileiar Greger Mannsverk i Kirkenes.
For Noreg gjeld dette særleg aluminiumsprodukt. Aluminium vert utvunne frå bauksitt, som blir rekna som eit kritisk og strategisk viktig mineral. Sidan 24. februar 2022 har Noreg importert aluminiumsprodukt med opphav i Russland for 213 millionar dollar, eller over 2,3 milliardar norske kroner.
Det meste av dette har gått gjennom dotterselskap av aluminiumsgiganten Rusal, RTI Limited og RS International.
Rusal er eigd av oligarken Oleg Deripaska, som har ein formue på 2,5 milliardar dollar, ifølgje Forbes. Deripaska har tette band til russiske styresmakter og er også under sanksjonar frå USA og EU.
Rusal nyttar selskap i skatteparadis for import til Europa (sjå hovudsak). RTI Limited på Jersey er importør av aluminiumsprodukt til Noreg for 147 millionar dollar, eller over 1,6 milliardar norske kroner. RS International, med base i Sveits, er importør av det same til ein verdi av 53 millionar dollar, eller rundt 585 millionar norske kroner.
Noreg følgjer EU sitt sanksjonsarbeid tett, seier statssekretær Eivind Vad Petersson i Utanriksdepartementet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.