Frå Løvebakken til grasrota

ØRLAND/TRØNDELAG: På eit jorde i Ervika syng Ap-folk med den røysta dei har. Konferansier for kvelden er Noregs mest kjende lokallagsleiar.

Tidlegare Ap-nestleiar Trond Giske, no i rolla som konferansier på allsongarrangementet i Ervika i Ørland. På biletet trekkjer dei vinnarane av lotteriet denne ettermiddagen.
Tidlegare Ap-nestleiar Trond Giske, no i rolla som konferansier på allsongarrangementet i Ervika i Ørland. På biletet trekkjer dei vinnarane av lotteriet denne ettermiddagen.

«Trondhjem, Trondhjem, at æ reist ifra dæ, at æ koinne finn på nokka slekt! Når æ tænke på ka godt du ga mæ, e de’ som æ læste dekt!»

Eit kor på nærmare 30 personar, dei fleste eit godt stykke opp i åra, syng med innleving og kraft ei mollstemt kjærleiksvise om byen dei kjem frå.

Det er Trondheim Aps allsongkor, sett saman av medlemer i lokallaga Nidaros sosialdemokratiske forum og seniorpolitisk utval, som no får skine på allsongarrangement i regi av Ørland Arbeidarparti.

Ap-koret har fare med turbuss frå Trondheim til Fosenhalvøya, der dei har vitja Austråttborga og ete fiskesuppe på Hovde gård. No har dei nådd høgdepunktet på turen – songframføringa på ein fotballbane i Ervika i Ørland.

Fotballbanen er liten for Google Maps, men ikkje for Trond Giske. Den tidlegare Ap-nestleiaren har vore turleiar for følgjet frå Trondheim og syng for full hals frå scena, der han elles har rolla som konferansier.

Han har gjort oss merksame på at visa går i A-moll. Utan, seier han, at det på nokon som helst måte skal knytast til meiningsmålingane i Arbeidarpartiet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement