Frå randsona av unionen
Spriket mellom røynda på dataskjermen og dei faktiske tilhøva for migrantar slår oss kvar gong, skriv Kristin Sørsdal, som har følgt den nye migrantruta på Balkan.
Det grenselause jugoslaviske jernbanenettverket ligg der framleis, men ingen tog over grensene frå Bosnia i 2018.
Roma er vakker som alltid, søppelkonteinarane er meir enn fulle og innanriksminister Matteo Salvini held folkemøte med banner som seier «Løft hovudet, Italia» og «Italienarar først». For å kome hit frå Budapest, der me av og til bur, tok me omvegen om Serbia, Bosnia, Kroatia og Slovenia. I desse vrijeme migracija, migrasjonstider, har det med ei interesse for historia å gjere, for kvar einskild menneskeskjebne og – me skal ikkje skyve det under teppet – for reiser, særleg dei langs jernbanespor og dei som kryssar grenser.
Historiske tarmslyngAr
På ei tømmerbru over elva Una, like nedanfor minareten på Fetihja džamija i byen Bihac, står ein mann frå Pakistan, Jemal, og matar endene. Desembersola er kald, det er minusgradar og Jemal er ein av nokre tusen frosne vandrarar som har stranda her i utkanten med ein draum om å krysse grensa nokre kilometer mot nord, der landjorda går frå å heite Bosnia-Hercegovina til å heite Kroatia, med andre ord EU-grensa. Når migrantar seier dei vil til Europa, meiner dei stort sett Europa. Også Jemal lurer på kva den vesle dykkaren – kanskje ei symjesnipe – under brua heiter.
Me har studert karta på førehand og skjønt at Una, den edelgranblå elva som flyt fredeleg gjennom denne nordvestlege bosniske småbyen, deretter flyt vidare mot nordaust og inn i elva Sava i ein by med to namn, Bosanska Novi og – na srpskom jeziku, «på serbisk språk» – Novi Grad. Det går gradvis opp for oss at Bosnia-Hercegovina også er Den serbiske republikken, Republika Srpska, som ikkje må forvekslast med Republikken Serbia, Republika Srbija, det vil seie landet Serbia.
At me var på veg inn i historiske tarmslyngar, skjønte me allereie før me drog frå Budapest og ringde jernbanestasjonen i Sarajevo for å høyre om dei to daglege toga frå Sarajevo til Bihac´ også stoppa i Banja Luka. «This is Bosnia!», var svaret, før røyret blei slengt på, og me blei sittande og gruble: «Ja, me veit at Sarajevo ligg i Bosnia, ligg ikkje også Banja Luka i Bosnia?» Inntil me såg nærmare på kartet og skjønte at me truleg hadde trakka på ømme historiske liktær, ettersom Banja Luka jo er hovudstaden i Den serbiske Republikken i landet Bosnia-Hercegovina. Ganske innvikla tarmslynger, med andre ord.
Til Banja Luka
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.