Fram og tilbake i Helse-Noreg
Regjeringa avviklar ordninga med fritt behandlingsval etter sju år. Få pasientar har kjent til ordninga i det heile.
Med fritt behandlingsval har pasientar som er viste vidare til sjukehus, poliklinikkar, behandlingssenter og opptrenings- og rehabiliteringsinstitusjonar kunna velje å få behandling hjå rundt 90 private tilbydarar av dei same tenestene, og rekninga vert dekt av det offentlege.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Regjeringa har sett seg føre å redusere privatiseringa i helsetenesta. Tidlegare i år vart ordninga med fritt brukarval i helse- og omsorgstenester i kommunane avvikla, og i budsjettavtalen med SV frå førre veke går det fram at det skal verte vanskelegare å etablere heilprivate kommersielle fastlegetilbod framover. No får tidlegare helseminister Bent Høies prestisjereform frå 2015 også spikaren i kista. I går røysta Stortinget for å avvikle ordninga med fritt behandlingsval for pasientar.
Avviklinga som vart varsla i Hurdalsplattforma, har fått støtte frå SV og Raudt.
Det frie behandlingsvalet inneber at pasientar som er viste vidare til sjukehus, poliklinikkar, behandlingssenter, opptrenings- og rehabiliteringsinstitusjonar eller andre delar av det som heiter spesialisthelsetenesta, også kan velje å få behandling hjå private tilbydarar av dei same tenestene, så lenge desse er godkjende av helseøkonomiforvaltinga Helfo. Rekninga vert dekt av det offentlege.
Per i dag er det rundt 90 private behandlingsstader som har godkjenning frå Helfo, men høvet til å nytte seg av behandlingskapasiteten dei har på offentleg rekning, forsvinn no ved årsskiftet.
Liten effekt
Avviklinga vert grunngjeven med at tilbodet om fritt behandlingsval i liten grad har bidrege til å få ned ventetidene i spesialisthelsetenesta, og at det heller ikkje har ført til effektivisering av dei offentlege sjukehusa, som det var meininga at ordninga skulle gjere. Det er òg konklusjonen frå forskarane som har evaluert ordninga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.