Vitskap

Framtida er sjølvskriven

No kan robotane analysere og skrive for oss òg. Konsekvensane er uoverskodelege.

Illustrasjon generert av OpenAI-programmet Dall-E, ut frå desse stikkorda: Rembrandt oil painting robots writing text newspapers books journalists students office.
Illustrasjon generert av OpenAI-programmet Dall-E, ut frå desse stikkorda: Rembrandt oil painting robots writing text newspapers books journalists students office.
Publisert Sist oppdatert

I Roald Dahl-novella «Den store automatiske diktografen» frå 1953 møter vi Adolph Knipe, ein genial oppfinnar som ikkje er nøgd med å ha laga verdas beste reknemaskin. Knipe drøymer om å bli forfattar, men manglar skrivetalent. Så går eit lys opp for han: Sjølv om ei reknemaskin ikkje kan tenkje, kan ho ha eit nesten uavgrensa minne. Og grammatikalske reglar var «nesten matematiske i sin ufravikelighet». Knipe konstruerer ei maskin som kan lagre alle ord i ordbøkene og kan setje dei saman i korrekt rekkjefølgje. «Og så kunne man gi den en handling å arbeide med, og overlate det til maskinen å skrive setningene.»

Han slit først med å overtyde sjefen sin, direktør Bohlen, om at dette er ein god ide. Men Knipe forklarer at skriving ikkje er ulik andre typar produksjon: «Min maskin kan lage en trykkeferdig novelle på fem tusen ord i løpet av tredve sekunder. Hvordan skal skribentene klare å konkurrere med det?», seier Knipe. «Hvem tror De vil kjøpe håndlagede historier, når de kan få den andre sorten til halv pris?»

Framsynt

Diktografen erobrar først marknaden for vekebladnoveller. Knipe diktar opp forfattarnamn og gjev dei eigne profilar, og novellene blir tilpassa preferansane til ulike magasin. Så byggjer han om maskina til å skrive romanar. For kvar roman kan han velje handling og stil, og justere miksen av «spenning, overraskelse, humor, patos og mystikk». Snart blir også denne marknaden erobra av maskina.

«Den store automatiske diktografen» er ikkje av dei beste novellene til Dahl. Men i dag verkar ho særs framsynt. No er datamaskiner i stand til å skrive lange tekstar med korrekt språkføring, dei har tilgang på kolossale mengder kunnskap, kan justere stilen på kommando og syner ei avansert sjangerforståing. Framtida er komen.

Veltrent

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement