Kommentar
Frankrike vert særs vanskeleg å styre
Å navigere utan havari i den nye nasjonalforsamlinga vert stor kunst.
Den tidlegare franske presidenten François Hollande, som representerer sosialistpartiet (PS) og alliansen av venstreparti kalla Nouveau Front Populaire, poserer saman med nyvalde representantar og familiemedlemmer framfor den franske nasjonalforsamlinga i Paris tysdag denne veka.
Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB
Ein ny æra vert innleidd i fransk politikk. Presidenten må samarbeide tett med grupper han har vilja oversjå. Mest nærliggjande er førebels ein regjeringskoalisjon av sosialistiske parti.
Macron har gjeve sosialistalliansen NFP instruks om å komme med framlegg til namn på statsminister innan utgangen av veka. Sosialdemokratar, kommunistar, Dei grøne og Det ukuelege Frankrike vert anten samde – eller dei sprengjer alliansen sin.
Kompromiss og forhandlingsevne er mindre vanleg enn taktisk hestehandel i fransk politikk, men no er tida inne for nye dagsordenar. Taktikkeri for å oppnå personlege posisjonar gjev ikkje nye idear og løysingar, slik sett kan den nye situasjonen føre til opnare debatt. Men om det no går som i Tyskland, at ein utset viktige avgjerder som ingen klarar å verte samde om, vil Nasjonal Samling (RN) vekse seg jamt større fram til presidentvalet om tre år.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.