Fred og venskap kan kjøpast for pengar
Egypt har tent godt på å slutte fred med Israel.
Camp David-avtalen vart signert i Washington i 1979. Frå venstre: den israelske statsministeren Menachem Begin, USAs president Jimmy Carter og den egyptiske presidenten Anwar Al-Sadat.
Foto: Scan-Foto / NTB
Camp David-avtalen i 1978 var den store utanrikspolitiske triumfen i presidenttida til Jimmy Carter. Avtalen førte Sinai attende til egyptisk kontroll og sikra ikkje berre fred mellom erkefiendane Israel og Egypt. Med store årlege pengeoverføringar til Egypt kjøpte USA seg ein ny viktig alliert i Midtausten. Under Nasser-styret hadde egyptarane fått våpen og bistand frå Sovjetunionen, men etter Yom Kippur-krigen i 1973 distanserte president Anwar Al-Sadat seg frå Moskva. Med Camp David-avtalen og fredstraktaten med Israel året etter kom Egypt over på vestleg side i den kalde krigen.
President Al-Sadat måtte sjølv betale svært dyrt for å ha inngått fred med Israel: Han vart myrda av islamistar under ein militærparade i Kairo i 1981. Fredsavtalen hadde òg politiske kostnader. Å inngå ein avtale med Israel vart sett på som eit svik i dei fleste nabolanda. Egyptarane mista leiarrolla si i den arabiske verda, og ei rekkje land braut det diplomatiske sambandet med Egypt.
Men økonomisk og militært var fredsavtalen med Israel svært nyttig. Sidan 1978 har Egypt fått meir enn 50 milliardar dollar i våpenstøtte og 30 milliardar dollar i økonomisk bistand frå USA. Like viktig er det truleg at makthavarane i Kairo kunne lite på politisk støtte frå Washington. Den støtta har stått ved lag sjølv om undertrykkinga under president El-Sisi er verre enn nokon gong. Det er uvisst kor mange politiske fangar det er i Egypt, men eit vanleg anslag er 60.000. Tortur er utbreidd i fengsla, og ei rekkje opposisjonelle har blitt avretta dei siste ti åra.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.