Fryktar ikkje eit norsk krakk
Det er gode sjansar for at Noreg får ei mjuk landing, meiner NHH-professor Ola Honningdal Grytten.
Ola Honningdal Grytten.
Foto: Helge Skodvin / NHH
Om det finst store, spekulative bobler i aksje- eller finansmarknadene i verda i dag?
– Det er ikkje godt å seie sikkert. For bobler er ikkje så lette å identifisere før dei sprekk, seier Ola Honningdal Grytten, professor i økonomisk historie ved Noregs handelshøgskule.
I boka Krakk og kriser i historisk perspektiv frå 2016 definerte Grytten og medforfattar John Arngrim Hunnes ei finansiell boble «som handel av objekter i stort volum, til priser med signifikant avvik fra fundamentale verdier». Men bobler lèt seg ikkje enkelt definere ut frå sikre, målbare kriterium, seier Grytten.
– Det er mykje lettare å sjå spekulative bobler i ettertid. Når prisane i ein marknad er på eit svært høgt nivå lenge, kan ein tru at det er den nye normalen. Ikkje før kursane fell, ser ein at dette var eit unnatak.
Grytten trur at Noregs landing etter lågrenteåra kan bli ganske mjuk.
– I fjor haust kom det ein liten korreksjon i bustadmarknaden, men han ser ut til å vere over. I Noreg har vi veldig høg gjeld i hushalda. Det gjer det litt farleg om vi får eit krakk, men det ser eg ikkje for meg, seier Grytten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.