Fulle hyller, høgare prisar
Sjølv for eit land som Noreg, som i stor grad subsidierer eigen matproduksjon for å unngå prisauke, ser rørslene på verdsmarknaden no ut til å få konsekvensar.
Maten i handlekorga vert stadig dyrare.Maten i handlekorga vert stadig dyrare.
Foto: Espen Bratlie / NTBFoto: Espen Bratlie / NTB
Prisane på viktige råvarer som planteoljer, kveite og mais har eksplodert på verdsmarknaden etter Russlands invasjon av Ukraina. Tysdag denne veka skreiv Dagens Næringsliv at kveiteprisen har stige med 50 prosent sidan krigen starta, og at prisen på mais har stige med 40 prosent.
Krigen skaper uvisse: Får Russland og Ukraina, som i gode år står for opp mot 30 prosent av kveiteleveransane på verdsmarknaden, produsert og eksportert maten som før? Kornprisane heng òg tett saman med energiprisane, og grafane her går rett opp.
Sjølv for eit land som Noreg, som i stor grad subsidierer eigen matproduksjon for å unngå at prisane verte for høge, ser rørslene på verdsmarknaden no ut til å få konsekvensar.
Høg import
Årsakene er fleire. Den mest openberre er at vi importerer over halvparten av maten vi et, og prisane på desse varane vil reflektere produksjonskostnadene, tilbodet og etterspurnaden på den internasjonale marknaden.
Dessutan gjer dei sterkt auka råvareprisane det langt dyrare å produsere mat. Det norske landbruket er fullt av innsatsfaktorar med prisar som vert sette på ein internasjonal marknad. Det er importert korn i kraftfôret husdyra, og stor trong for diesel, straum og bygningsmaterialar, for ikkje å snakke om kunstgjødsel med importerte grunnstoff og gassbasert nitrogen. Alt aukar i pris.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.