Kommentar

Fylgjene av konkurransestaten

Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.

Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Publisert Sist oppdatert

Kommentar

I eit føredrag for Finansdepartementet, prenta i Dag og Tid 29. november 2024, oppsummerte Rune Slagstad sin analyse av framvoksteren av ein konkurransestat sidan 1990-talet – med tilhøyrande kritikk av Ap. Tidlegare har han i Mine dannelsesagenter (2021) og i etterordet til nyutgåva av De nasjonale strateger (2024) argumentert for at vi har gjennomlevd ei vending bort frå sosialdemokratisk (og sosialliberal) politikk – vi står att med nyliberal marknadsfundamentalisme.

I føredraget uttrykkjer han von om at Ap skal «skale av nokre marknadsteknokratar for å gje rom for ein populistisk storkoalisjon til venstre». Den som berre kunne dele slik optimisme.

Ein massiv mur

Slagstad har sjølv analysert fram den tilsynelatande uavvendelege krafta i dei mange parallelle omstillingane av norske samfunnsinstitusjonar. Eg saknar likevel ei grundigare drøfting av det som er resultatet innafor «det nye energisystemet», som Jonas Gahr Støre kallar ein energipolitikk som fundamentalt endrar oppfatninga av marknad og politikk, av tenester og varer.

Energisystemet er sluttsteinen i kvelvingen over nyorganiseringa av heile samfunnet vårt. Vindkraftutbygginga syner korleis ein har teke straumpolitikken ut or demokratisk kontroll. Organisasjon, produksjon, distribusjon, service, tilkomst og så bortetter er spreidde på alskens organisasjonsformer: offentleg, privat, halvoffentleg, delprivat, stiftingar, aksjeselskap, innan- og utanlandske aktørar – det står ikkje i ein kommunestyremedlems makt å overskode, langt mindre vere med på å styre, denne utviklinga, der mellom 30 og 50 aktørar kan vere inne og formar ein massiv mur mot å skjøne utbyterekneskap, eigartilhøve og inntekter til kven og kvar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement