Utanriks

Går det mot høgresiger i Polen?

Kraftig økonomisk vekst har gjort Polen til eit mektigare land i Europa. Ei høgrekonservativ regjering har gjort landet meir autoritært. Valet på ny nasjonalforsamling den 15. oktober er ikkje berre viktig for Polen. Valresultatet kan komme til å prege heile Europa.

Jaroslaw Kaczynski, leiar for det høgrekonservative regjeringspartiet Lov og rettferd, på valkamp i byen Przysucha 9. oktober 2023.
Jaroslaw Kaczynski, leiar for det høgrekonservative regjeringspartiet Lov og rettferd, på valkamp i byen Przysucha 9. oktober 2023.
Publisert

I over 20 år har Polens politiske landskap vore dominert av to politikarar: Jaroslaw Kaczynski og Donald Tusk. Dei leier kvar sitt store parti: Kaczynski leier det høgrekonservative regjeringspartiet Lov og rettferd (PiS), som har sete med regjeringsmakta to periodar. Med ei oppslutning på om lag 37 prosent på dei siste meiningsmålingane styrer PiS mot ein tredje regjeringsperiode. Tusks Borgarplattform har ei oppslutning på om lag 30 prosent. Verken PiS eller Borgarplattform får fleirtal ved valet. Dei treng støtte frå småpartia. Og dei er det fleire av.

Eit splitta land

Ved fyrste blikk kan den politiske situasjonen i Polen likne litt på den i USA: Båe landa har ei nasjonalforsamling samansett av to kammer, underhuset (Sejmen) og overhuset (Senatet). Båe er dominerte av to store parti som samarbeider dårleg. Høgrepartiet er prega av patriotisme, kristne verdiar og motstand mot fri abort.

Men der stopper likskapen. For der den amerikanske presidenten er regjeringssjef og statsoverhovud i ein og same person, er makta i Polen delt mellom ein regjeringssjef (statsminister Mateusz Morawiecki frå PiS) og eit statsoverhovud (president Andrzej Duda). Dessutan har det vakse fram endå ein mektig aktør i polsk politikk: leiaren av regjeringspartiet. Han har dei siste 20 åra vore PiS’ gåtefulle grunnleggjar: Jaroslaw Kaczynski. Han blir iblant framstilt som ein heimføding og er ein skarp kontrast til Borgarplattforms verdsvande Donald Tusk. Tusk var Polens statsminister frå 2007 til 2014 og president for Det europeiske rådet mellom 2014 og 2019.

Tusk ynskjer å kaste den konservative Kaczynski ut av politikken – sende han heim til ungkarsleilegheita og kattane hans. Han vil endre kursen til den polske statsskuta og styre ho inn i Europas politiske hovudstraum. Men straumdraga frå høgre er blitt sterkare i polsk politikk. Tusk er blitt framstilt som ein agent for EU og Tyskland. Når Kaczynski har kalla Tusk ei personifisering av vondskapen, er det eit teikn på kor giftig den politiske atmosfæren har blitt. Det er òg eit teikn på at den konservative Kaczynski har late seg prege av presset frå høgre.

Presset frå høgre

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement