Går god for Avinor-modellen

Kanskje er det ikkje så lenge før flyreiser blir utsleppsfrie, meiner samferdsleminister Jon-Ivar Nygård.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Publisert

I 2002 var Arbeidarpartiet imot opprettinga av Avinor. I dag går samferdsleminister Jon-Ivar Nygård frå Ap god for løysinga.

– Avinor-modellen har tent oss godt i lang tid, seier Nygård til Dag og Tid.

– Avinor skulle effektivisere og kutte kostnader i flyplassdrifta. Utviklinga dei siste 20 åra tyder ikkje på at ønsket har blitt oppfylt?

– Nei. Men sidan pandemien har Avinor kutta ein milliard i årlege utgifter, og dei må halde fram med å effektivisere. Det er deira bidrag til spleiselaget for å få eit økonomisk berekraftig flyplassnett.

– Det var problem lenge før pandemien. Både i 2009 og 2018 kritiserte Riksrevisjonen Avinor for dårleg kostnadskontroll?

– Eg har ikkje solid kunnskap om det som ligg så langt attende. Men vi flyg mindre etter pandemien. Og vi har som politikk å oppretthalde dei flyplassane vi har. Da gjer det noko med forholdet mellom inntekter og utgifter.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement