Ein dag eg var ute og klipte gras med saks, ein lite effektiv, men desto meir meditativ syssel, stoppa ein fjern slektning bilen sin utanfor.
– Kva er det du puslar med, spurde han, men kom snart inn på det vikarierande motivet med drop in-besøket.
– Eg tenkte på dei rododendronane og buskane på andre sida av vegen, er dei dine?
Då skjønte eg kva han sikta til. For eg har jo sett det, kor store buskane er vortne, både i høgda og breidda.
– Dei er eigentleg besto sine, byrja eg, men høyrde sjølv kor dumt det lét. Eg kan ikkje skulda ei som har vore daud i tretten år, for at buskane ho ein gong planta, har vakse i luftlinja ut i vegen.
– Hagen skal ikkje veksa meir enn 20 centimeter frå asfaltkanten, sa han og strekte seg etter nokre greiner som ikkje heldt seg til reglane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.