Lita skrift

Gen Z

Publisert Sist oppdatert

Etter at dei tok førarkortet frå han, var det meir enn noko anna denne tanken som gnog: Kva om ungdomen, nattetid utan buss og bane, på ei eller anna vis hamna i trøbbel og måtte hentast heim eller køyrast til legevakta? Dei budde då trass alt i hovudstaden også for gjengkriminalitet og festdop, der sjølv ordentlege og oppegåande menneske kunne risikera å hamna i krysseld eller dårleg selskap?!

Hans eige transportbehov kunne stort sett ordnast per sykkel, men andsynes eit scenario med forgifta og blødande passasjerar kjende han avmakt og dimed skam for det forbanna førarkortet.

Heile året han var utan sertifikat, kom til all lukke ingen telefon frå unge menneske i naud som trong berging nattetid.

Etter at han omsider hadde fått ta lappen igjen, var han stort sett alltid klar, og ei mørk vinternatt ringde faktisk telefonen – frå Carl Berners plass i Oslo:

– Pappa, kan du henta oss? Kurt kjenner seg ikkje bra...

Sjølvsagt!, sa han. Er der om ti minutt!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement