Sideblikk

Generalistkommuneprinsippet

Skal kommunane sleppast fri eller bindast endå fastare til statlege pålegg og styrte mål?

Ordførar i Kristiansand Jan Oddvar Skisland (Ap, tidlegare KrF) og kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) då dei møtte pressa etter eit møte i Kristiansand i juni i fjor.
Ordførar i Kristiansand Jan Oddvar Skisland (Ap, tidlegare KrF) og kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) då dei møtte pressa etter eit møte i Kristiansand i juni i fjor.Ordførar i Kristiansand Jan Oddvar Skisland (Ap, tidlegare KrF) og kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) då dei møtte pressa etter eit møte i Kristiansand i juni i fjor.
Publisert

På lokale og sentrale politiske arenaar, i Forvaltninga og mellom folk flest, er det eit utbreidd håp om ro etter den siste kostbare og utmattande runden med kommunesamanslåingar. Men Høgre og Senterpartiet har det til felles at dei ikkje aksepterer robuste tap i slike kampar, så dei held det gåande.

SENTERPARTIET HAR lenka seg fast i Søgne og Songdalen. Statsminister Støre er med på ferda, men tvettar sine hender. Han sa rett fram til dei opprørske storbyordførarane sine at dette hadde aldri Arbeidarpartiet gjort på eiga hand, men regjeringssamarbeid er ta og gje, og dette er ei samvitssak for Senterpartiet før Finsland brenn ned – eller eit «salighetsspørsmål», som det heiter i bedehusa på det ublide Sørlandet.

KOMMUNEREFORMA til Solberg-regjeringa var ein fiasko. Med gulrot, pisk og tvang blei 119 gamle kommunar til 47 nye, og det samla talet redusert frå 437 til 356. Men målet var å koma så lågt at Høgre kunne ta neste steg: avskaffa fylkeskommunen og dela oppgåvene mellom større og meir robuste kommunar, private aktørar og statlege etatar.

I samanslåingsrusen satsa NHO på 100, og slagordet var: «Vi står klar, i større kommuner». Dei såg for seg avkommunalisering og kommersialisering av velferdsoppgåver og tekniske tenester.

NÅ PUSSAR HØGRE dei sløve sablane igjen. Om dei kjem til regjeringsmakt i 2025, etter nabosamtaler med dei andre «borgarlege» partia, vil dei ha omkamp om kommunestrukturen. Mudassar Kapur, som har studert marknadsføring og merkevarebygging ved BI og har mastergrad i strategisk leiing frå NHH, er Høgres talsperson i kommunal- og forvaltningssaker. I innhald er han Erna og Sanner på repeat, men det heiter ikkje «robust» lenger; nå heiter det framtidsretta tenester av omsyn til dei små og svake, og som før er barnevernet kampfront.

Men Høgre vågar ikkje å seia at det nødvendige kan gjennomførast med tvang, altså at regjeringa og Stortinget tar det tunge ansvaret det er å teikna om kommunekartet. Høgre nektar å ta ordet «tvang» i sin munn, men vil føra den amputerte reforma vidare med «den gode nabopraten». Det er så puslete at dei får refs på leiarplass i det klassiske øyrekviskrarorganet Aftenposten: «Tvang tvinger seg frem».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement