Kommentar

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Publisert

Skyting ved ein barnehage og i ei kebabsjappe. Bombe i Drøbak. Meldingane om knivstikkingar på open gate i Oslo og annan grov vald kjem tett. Svaret frå politiet si side er å plukke ut særs utsette område i Oslo-gryta der dei vil sette inn tiltak.

Det er til å undrast over at innsatsen kjem fyrst no. Signala om utviklinga har vore der heile tida, og forsøket på å halde lokket på den kriminelle kjelen har mislukkast. Det koker over. Åtvaringane var der.

Klare signal

Sjølv følgde eg utviklinga innafor denne kriminaliteten ganske tett frå 2015 til 2020. I 2018 gav eg ut boka Advarsel – svenske tilstander i Norge, der eg skildra situasjonen i Sverige og Danmark òg. Sjølv om skyteepisodane i Sverige var fleire, såg eg det same mønsteret her heime.

Ungar heilt ned i elleveårsalderen blei brukte til å frakte narkotika og våpen. Rekrutteringa av barn frå fattige kår var målmedveten. Dei blei lokka med merkeklede og mobiltelefonar. Nytt for gjengane var at dei no var reiskapar for sterke kriminelle nettverk. Som regel var dei knytte til klanstrukturar på toppen, og koplingane til Sverige var der.

Frå 2016 var Oslo inne i den fjerde bølgja av gjengkriminalitet sidan 1980-talet. Young Bloods på Holmlia hadde vakse seg sterke i fred for politiet og utfordra andre grupper. Det enda i drapsforsøk, grovt valdelege kidnappingar, farlege konfrontasjonar og interne splittingar. Politiet starta «Operasjon Gamma» for å rydde opp på Mortensrud og Holmlia. Det dei såg, var sterkt urovekkande, men det enda med enkeltsaker i retten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement