Kommentar

Gleda over lærargjerninga

Lukkeleg er den som kan skape kveik for læring.

Matematikklæraren Hanan Mohamed Abdelrahman på Lofsrud ungdomsskule skaper kveik for læring. For det fekk ho Holmboeprisen i 2017. Prisen har namn etter Bernt Michael Holmboe, mattelæraren til Niels Henrik Abel.
Matematikklæraren Hanan Mohamed Abdelrahman på Lofsrud ungdomsskule skaper kveik for læring. For det fekk ho Holmboeprisen i 2017. Prisen har namn etter Bernt Michael Holmboe, mattelæraren til Niels Henrik Abel.
Publisert

I tidlegare tider tala ein ikkje om læraryrket som underlagt alle moglege reglar og restriksjonar, ein tala om «lærargjerninga». Somme la ein dåm av kallstanke inn i ei slik nemning. Det handla om korleis kvar lærar aksla ansvaret for å tolke nye liv inn i ein tradisjon og ei framtid. Lærargjerninga endra vilkåra for framtida.

Gneisten

Den største gleda ein kan ha, det er å gjere andre glad, seier eit ord. Kva for ein lærar har ikkje vorte rørt, overgjeven, kveikt og gått lenge varm om hjarterøtene etter å ha sett glimtet i augo på eit barn, ein ungdom, ein ung vaksen eller for den del ein godt vaksen, dette umiskjennelege teiknet på at det opnar seg ei ny forståing, ei ny oppleving av noko før ukjent, uskjønleg, vanskeleg?

Ein undervisar vert avhengig av gneistrande augo. Læraren fylgjer ikkje berre elevane/studentane til kjeldene og etterlèt dei der, som antikkens pedagogslavar. Filosofen Hans Skjervheim var den som i si tid tok opp kampen mot det han kalla instrumentalismen i undervisninga: Ein kan ikkje bruke elevar til å oppfylle eigne eller statens prosjekt. Innsikt, det er noko anna enn einskildkunnskapar; då ser ein samanhengar.

Ein lærar er fødselshjelpar og referansepunkt. Forløysinga må eleven/studenten sjølv stå for, korkje lærar eller familie eller vener kan ta ansvaret for utkoma. Men vi kan alle vere med på utviklinga. Ofte får ein lærar tilbakemeldingar frå elevane sine fyrst mange år etterpå; ofte vert ein monaleg rørt over at den personen kan fortelje at akkurat det som hende der og då, det hadde noko å seie for livet til den det galdt.

Motstanden

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement