Sport

Fenomenet Bodø/Glimt har vekt internasjonal oppsikt. No ventar Lazio i kvartfinalen i Europaligaen.

Glimt av stordom

Ei av mange jubelscener frå Bodø/Glimts europaeventyr kom etter at Fredrik Bjørkan skåra mot Twente 20. februar i år.
Publisert Sist oppdatert

«Sensasjonslag frå ein arktisk fiskarlandsby har gjort det umoglege igjen.» Omtrent slik blir Bodø/Glimt presentert i internasjonale medium som New York Times, CNN og Wall Street Journal, berre for å ta dei amerikanske. Når slikt blir gjenteke, blir det ein klisjé, men som i dei fleste slike finst dei ein kjerne av sanning.

Da Bodø/Glimt blei stifta i 1916, var det rimeleg å kalle staden ein «fiskarlandsby». Det er nøyaktig hundre år sidan klubben spelte sin første kamp mot eit utanlandsk lag. Dei skulle møte Gällivare Bollklubb på ei turnering i Narvik.

Reisa gjekk med fiskeskøyte inn Vestfjorden, men motoren stansa fleire gonger. Skuta fekk så vidt harka seg inn til hamna i Grøtøy med eit skrubbsvoltent fotballag om bord. I Grøtøy fekk dei tak i brød, smør og Agathe Andersens kaviar. 

Laget kom fram til Narvik etter at kampen skulle ha starta, og måtte gå rett på banen. Stive som dei var etter den lange og ukomfortable reisa, gjekk det dårleg i første omgang. I andre henta dei seg inn og vann til slutt 5–4. Historia står i Svein Lundestads monografi om Bodø/Glimt, Glimt i hundre. Stolthet, glede og lidenskap

Boka kom i 2016, og tittelen på siste kapittel er: «Kan Glimt stabilisere seg på øverste nivå?»

Før 1937 fanst det ikkje vegar, verken sørover eller nordover frå Bodø. Å spele kamp i Mosjøen eller Tromsø medførte lange båtreiser i mindre skuter som heitte «Edna», «Letten» og «Reinert». Nokre av desse båtane fungerte normalt som frakteskip for fisk, til dømes «pumpsild» som hadde blitt levert til sildoljefabrikken på Burøya i Bodø.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement