Globale nettroll
Ansvaret for å stoppe skadeleg innhald og oppførsel på nettet er for stort til at private verksemder kan ta det åleine, meiner Mark Zuckerberg.
Til å byrje med vil Facebook-gründer Mark Zuckerberg at nettlovene skal gå over fire område: skadeleg innhald, valintegritet, personvern og datalagring.
Foto: Mario José Sanchez / AP / NTB scanpix
Eg spaserer rundt i leilegheita, nikkar på meg nakkesleng i takt med musikken og fektar med ein såpevåt mopp når Spotify plutseleg stoppar. Det går tre sekund og musikken startar att, men på ei speleliste eg aldri har sett før.
Eg stoppar opp, trekkjer bryna mot kvarandre. Eg slenger frå meg moppen med eit vått klask, stoppar den ukjende spelelista og set på att den gamle.
Men så skjer det ein gong til. Og i e-postfeltet på profilen min står det ei ukjend adresse. Eg har blitt hacka.
– Det einaste private dei finn ut om meg, er at eg av og til høyrer på Shakira, ropar eg oppgjeven til husveninna mi, medan eg chattar med kundesenteret til Spotify.
I førre veke skreiv Facebook-gründer Mark Zuckerberg i ein kronikk i The Washington Post at internett treng nye globale lover. Han meiner ansvaret for å stoppe skadeleg innhald og oppførsel på nett er for stort til at private verksemder kan ta det åleine. Zuckerberg føreslår at lovene skal byggje på personvernforordninga i EU og gå over fire område: skadeleg innhald, valintegritet, personvern og datalagring.
Kronikken til Zuckerberg kjem etter Christchurch-terroråtaka på New Zealand. Døgnet etter hendinga fjerna Facebook 1,5 millionar kopiar av eit filmklipp som viste skytinga. Terroråtaket vart nemleg sendt direkte på Facebook-sida til gjerningsmannen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.