Essay
Gløden på Oslo S
Sentralbanestasjonen lèt folk overnatte når temperaturane ute er under –10. Men kvifor trengst det eigentleg, når Oslo, ifølge politikarane, har soveplassar nok til alle?
Då ein kulderekord blei slått i hovudstaden for to veker sidan, melde fleire at Oslo S heldt ope for overnatting. Dei som sat att ved stengetid, fekk overnatte inne på benkane. Handelsstanden gav husrom for dei som hadde minst, og det var fint, det syntest alle.
Landet var berre ei veke ut i nyåret, og julestemninga hang framleis att på sentralbanestasjonen. Eit raudt pappmasjétog lyste framleis, hengande under klokka i knutepunktet. Byen var uvanleg vakker den helga. Frå hjørnet på stasjonen der folk hadde overnatta, kunne ein sjå ut over Oslofjorden, der frostrøyk dampa høgt mot ein knallraud solnedgang. Folk stimla langs kaiene for å ta bilde av opplysing broten av tid, atmosfære og forureining.
På Aker Brygge stod to statuar av nokså nakne kvinner, sett til side og sikra i sprengkulda, festa til soklane med breie stroppar, som uteliggarar bundne fast og nekta rørslefridom, skjønnmåla og objektifiserte av blikk utanfrå.
Krystalliserte spørsmål
Nokre spørsmål hadde krystallisert seg i kulda: 1. Kvifor trong folk å overnatte på Oslo S, når vi jo var blitt fortalde at Noreg har nok soveplassar til alle? 2. Var det ikkje berre det at vi hadde naudløysingar nok, som gjorde det norske soveforbodet legitimt? Og 3. Om ein verkeleg hadde nok plassar, korleis burde då samfunnet møte den bustadslause som av ein eller annan grunn ikkje nyttar seg av hospits og fattighus?
Lausgjengarlova var ei norsk lov som skulle få bukt med omstreifarar, fanteri og drukkenskap. Den tredde i kraft i 1907 og blei oppheva i 2006. I 2013 fekk vi i staden eit soveforbod. Då arrangerte kristenfolket og andre engasjerte medborgarar ein soveaksjon i Sofienbergparken, i protest mot det dei meinte i praksis var ei kriminalisering av å vere bustadlaus, noko rapportar skulle underbygge. Ein meinte at Oslo-politiet ikkje balanserte omsyn til offentleg orden med retten som den enkelte har til fri rørsle og privatliv, og at forbodet førte til at folk, særleg innvandrarar, rutinemessig blei jaga frå plass til plass.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.