Krig

Granatane i møterommet

Byrådsmøtet i Keretsky fekk ein brå slutt da lokalpolitikaren Serhij Batrin kom inn med tre handgranatar.

Serhij Batrin kom inn att i møtelokalet til byrådet i Keretsky og detonerte granatane.
Serhij Batrin kom inn att i møtelokalet til byrådet i Keretsky og detonerte granatane.
Publisert

Frå staden der dei hardaste kampane i den russisk-ukrainske krigen går føre seg i dag, byen Avdijivka, til den transkarpatiske landsbyen Keretsky er det 1300 kilometer. Det er så langt frå fronten det er råd å kome og framleis vere i Ukraina. Men her om dagen eksploderte tre handgranatar der og skadde 26 landsbybuarar, ein av dei døydde av skadane.

Eksplosjonen kom på eit møte i den lokale administrasjonen der budsjettet for 2024 vart diskutert. Leiaren av byrådet, Mykhailo Musjka, hadde levert eit framlegg om ein auke i honoraret sitt og ein bonus til seg sjølv på tampen av året.

Det ser ut til at medan dette vart diskutert, forlét representanten for partiet Folkets tenar, Serhij Batrin, møtet. Han gjekk heim, skreiv eit sjølvmordsbrev, tok med seg tre handgranatar – og vende attende til møtet. Møtet vart filma, og augeblinken da Batrin kom inn att i møtelokalet og detonerte granatane, er dokumentert.

Det første lokale journalistar kom i hug da dei høyrde om eksplosjonen, var at Mykhailo Musjka hadde vore medlem av det prorussiske partiet Opposisjonens plattform – for liv, inntil han vart kasta ut i september 2022.

Han nekta nyleg å flytte monumentet over ein sovjetsoldat i landsbyen og vart hylla for dette på russisk fjernsyn. Han vart òg sett i varetekt for kort tid sidan etter å ha motteke muting, men vart ikkje arrestert, og han heldt fram med å leie landsbyrådet.

Serhij Batrin hadde rykte på seg i landsbyen for å vere idealist og ein forkjempar for rettferd. Han ordna med ein leikeplass for ungar og organiserte oppussing av kyrkjegarden i landsbyen på eige initiativ. Han var ein gong involvert i transportnæringa, men gav det opp.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement