Gripen av Gaza
Etter det første besøket vart folket på kyststripa verande i hjartet til journalist Kjetil Lillesæter.
I 2019 hadde Kjetil Lillesæter skrivestove på takterrassen til ei sju etasjar høg blokk i Gaza by.
Foto: privat
Bileta frå krigen i Gaza no er smertefulle å sjå for alle, men for Kjetil Lillesæter har smerta ein ekstra dimensjon: Han har mange vener og kjende på den vesle kyststripa der bombene haglar og tusenvis av menneske er drepne dei siste vekene. Ålesundaren Lillesæter er mest kjend som livssynsjournalist for NRK Radio og har besøkt Gaza ei rekkje gonger gjennom ti år.
– Eg hadde vore i Israel fleire gonger før, medan Gaza hadde vore ein ukjend og litt skremmande stad for meg. Det var så få som reiste dit, og eg fann ut at eg ville skaffe meg førstehandskunnskap. Så vart eg kjend med folk der, og det var noko med dette området som greip meg. Etter første besøket kjende eg at eg måtte lære meir og fortelje meir om folket i Gaza, seier Lillesæter.
Han drog for første gong inn i Gaza i april 2009. Da var området framleis sterkt prega av den tre veker lange krigen mellom Hamas og Israel vinteren før, ein krig som kosta kring 1400 palestinarar og 13 israelarar livet.
– Eg skulle lage ein reportasje om hjelpearbeidet som Kirkens Nødhjelp dreiv i Gaza, og besøkte flyktningleiren Jabalya nord i Gaza. Det var ein leir i ordets rette forstand. Folk budde i telt fordi husa deira var øydelagde, seier Lillesæter.
I Jabalya møtte han ein gut på ti år som fortalde om opplevingane sine i krigen.
– Heimen hans var skadd av ein rakett, og familien hadde søkt tilflukt hos naboane. Der byrja guten å gråte. «Kvifor græt du», spurde faren. Guten fortalde kvifor: Han hadde gløymt å opne buret til undulaten så fuglen kunne flyge sin veg. Det var framleis kampar i området, men faren drog attende til huset og sleppte ut undulaten så sonen skulle slutte å gråte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.