Utanriks
Grøn støtte til krigen
Trass i at partiet har røter i fredsrørsla, er Dei Grøne i Tyskland blant dei mest ivrige etter å støtte Ukraina i krigen mot Russland.
Den tyske utanriksministeren Annalena Baerbock frå Dei grøne har vore klar på at Tyskland må støtte ukrainarane militært.
Foto: Lisi Niesner / Reuters / NTB
Dei drygde lenge med avgjerda, men tysdag føremiddag vart det klart at Tyskland likevel vil sende tyngre våpen til Ukraina. Om lag 50 stridsvogner av typen Gepard skal sendast inn i striden mot russarane. Medan kanslar Olaf Scholz sist helg fekk tyn for å motsette seg å sende stridsvogner i retning Kyiv, har regjeringspartnar Dei Grøne lenge pressa på for eit slik steg.
På eit EU-toppmøte for to veker sidan la utanriksminister Annalena Baerbock frå Dei Grøne press på kanslaren. «Dette er ikkje tida for bortforklaringar, men for kreativitet og pragmatisme», sa ho i Brussel.
Sjølv om partikollega Robert Habeck denne veka vart møtt med pipekonsert og «krigshissar»-rop under eit valkamparrangement i byen Bielefeld denne veka, er det lite motstand blant verken medlemane eller tilhengjarane til partiet.
Ei meiningsmåling syner nemleg at Dei Grøne sine veljarar er dei klart mest positive til å levere tyngre våpen til Ukraina. Heile 72 prosent av tilhengjarane støttar eit slikt skritt. I resten av befolkninga seier 55 prosent det same. Tilhengjarane til partiet er også dei klart mest positive til eit importforbod mot russisk gass og olje.
Haldningane er oppsiktsvekkande for eit parti med røter i den tyske fredsrørsla. Frå å vere det mest militærkritiske partiet har Dei grøne gått til å vere haukane i den tyske regjeringa. Kva har skjedd?
Aldri meir
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.