Sideblikk

Grønvaska og forførande skitprat

MDG er eit uavgjort parti som slit med å finna ein farbar veg i hundremeterskogen.

Arild Hermstad (i midten) vann hårfint over Kristoffer Robin Haug i røystinga om å bli ny leiar i MDG. Lan Marie Nguyen Berg vart vald til nestleiar på det ekstraordinære landsmøtet førre laurdag.
Arild Hermstad (i midten) vann hårfint over Kristoffer Robin Haug i røystinga om å bli ny leiar i MDG. Lan Marie Nguyen Berg vart vald til nestleiar på det ekstraordinære landsmøtet førre laurdag.
Publisert

Honnørord og omgrep kan festa seg, få regenerativt gjennomslag og bli berekraftige. Men når dei så blir tatt i bruk for å legitimera kva som helst, fell realverdien. Moteorda blir overforbrukte og like tilslørande som innhaldslause. Dei forvirrar og seier alt og ingenting. Orda blir offer for meiningsinflasjon.

«Det grøne skiftet» er eit slikt orwellsk omgrep, og det drar grønfargen ned i gjørma. Når ei vare eller teneste eller eit politisk tiltak blir marknadsført som bidrag til det grøne skiftet, er tida inne til å spenna hanen på sin revolver. Då ligg det som oftast noko vikarierande og spekulativt bak, for vellukka kapitalistar veit sitt eige beste. På den andre ytterfløya veks det fram klimaekstremistar som forkastar trua på den demokratiske endringsvegen.

NOKO SPIRANDE, håpefullt og positivt blir borte i grønvasking og forførande forkledningar. Grønt blir ei blanding av blått og gult, også når det vil kle seg som raudt og radikalt. Det grøne skiftet blir eit ordskifte, eit byte av ham, ikkje i hug og hått.

Det er alt lenge sidan eg blei ramma av grøn intoleranse. Med utslepp av bannord slengde eg brukte badehandklede i skitentøyet på eit uvaska bad i protest mot meldinga på hotellromma til den grøne lurifaksen og privatflygaren Petter Stordalen (60): «Hjelp oss å redde miljøet.»

For etterplaprarane er det ikkje så lett å grønvaska, for Stordalen gaper over mykje, er smart og var tidleg ute. Mellom dei siste dagars heilage som køyrer Tesla, kan han måla seg med den elektriske Twitter-oligarken Elon Musk. Han fekk stor åtgaum og blei hylla då han poserte som grøn noregsvenn på den omdøypte oljemessa i Stavanger.

MILJØPARTIET DEI GRØNE var nær ved å bli skylt inn i styre og stell av ei ungdommeleg klimabølgje. Dei drøymde om å få makt på vippen, men blei liggande udetonerte og vaka under den parlamentariske sperregrensa. I Oslo og nokre andre kommunar har dei vore rimeleg vellykka som resultatorientert styringsparti heller enn som rank og rein grøn herold. Utan særleg truverd held dei fast på at dei er blokkuavhengige og kan gå i seng med det konservasjonistiske høgre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement