Gudane frå 1960-åra er framleis størst, fotballguden òg
Mexico by 21. juni 1970: Lagkameratar ber Pelé på gullstol etter sigeren over Italia i VM-finalen. Med tre VM-gull vann dei Jules Rimet-trofeet til odel og eige.
Foto: AP / NTB
VM, EM, CL og PL fyller fotballhimmelen med fyrverkeri fleire kveldar i veka, men Pelé skin framleis sterkast, før som no, etter sin død i romjula. Meir enn femti år etter siste VM-kamp, når andre namn frå Mexico i 1970 berre er fotnotar for nerdar, veit alle kven Pelé er. Kvifor det?
Edson Arantes do Nascimento spela aldri i ein topp 5-liga. Heile oppveksten og karrieren gjekk føre seg i eit bortgøymt hjørne mindre enn Aust-Agder. To av dei tre verdsmeisterskapane han vann, gjekk føre seg på hans eige kontinent, i Chile (1962) og i Mexico (1970).
Det siste var det fyrste i fargar, men det var ikkje Mexico-VM som gjorde Pelé legendarisk. Alt i 1958 kom det internasjonale gjennombrotet, under Sverige-VM, to år før me fekk fjernsynssendingar og Sportsrevyen.
I 1970 var Pelé eit omgrep for oss tiåringar, som hjartelause laga eit vers om klassekameraten som var flinkare med tal enn med ball: «Pelé er Pelé,/ men Knekken er gelé». Brasilianaren var som Beatles. At han var svart, tenkte me ikkje på.
Men kven hadde sett han spela? I neste VM, Tyskland i 1974, såg eg alle kampane på eigen skjerm på guterommet, men Pelé var ikkje med. Då regimet i Brasil endeleg lét han gå til ein utanlandsk klubb, takka han med å takka nei til landslaget. Ville 33-åringen ha briljert i eit femte VM òg? Han tok del i fire og vann tre av dei. Det siste vert han åleine om lenge –?etter at Kylian Mbappé (24) ikkje vann sitt andre VM no i Qatar.
Skal ein finna ein som såg Pelé live, lyt ein sjå etter ein åttiåring frå Østfold, som Egil Drillo Olsen: «Eg er såpass gamal at eg såg Sovjetunionen mot Brasil i Göteborg i 1958. Me haika frå Fredrikstad.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.