Det er altfor mykje stoff om sjakk i media for tida. Dei har visst gløymt sjølve dronninga av brettspel: ludo. No er det på tide nokon slår eit slag for ludospelet.
Mange trur spel og leik er unyttig og meiningslaus tidtrøyte. Det er feil. Både barn og vaksne speler og leikar for betre å kunne meistre det verkelege livet. Det er ein del av sosialiseringsprosessen. På same måte som løveungar leikeslåst for å førebu seg på jakta og kampen for tilværet, har barn eit indre tildriv til spel fordi dei må førebu seg på livet utanfor dei trygge rammene i heimen. Og det spelet som høver best til dette, er ludo.
I sjakk er idealet å isolere spelesituasjonen; spelarane skal ha færrast mogleg uromoment under partiet. Det er to hjernar som møtest, sylskarpe og struttande av teori, og den beste skal gå sigrande ut av bataljen. Det skal vere ein rettvis dyst.
Ludo, derimot, er ureint spel frå start til slutt. Spelet inneheld rett nok eit element av taktikk og strategi, men framfor alt må ludospelaren ty til eit rikt register av overtalingskunst, diplomati, psykologisk innsikt og ikkje minst svik og skamløyse. I tillegg kjem eit visst element av flaks; ein må vere venn med terningen, X-faktoren i ludo.
Mens sjakk er intellektuelt, edelt, apollinsk, slik ein tenkjer seg tilværet i himmelske sfærar, er ludo simpelt, rått, dionysisk, slik livet på jorda er i røynda. Ein god sjakkspelar er kjølig kalkulerande, ein god ludospelar er eldfullt utagerande. Sjakk krev IQ, ludo krev EQ. Sjakk er hygienisk, ludo er noko svineri.
Etter eit sjakkparti har ein lært noko om sjakk. Når ein forlèt eit ludoparti, har ein lært noko om livet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.