Kommentar
Habermas og den tyske ettertanken
Jürgen Habermas har skrive ein viktig tekst om krigen i Ukraina og om korleis ein skal forstå situasjonen Vesten har hamna i. Som tyskar gjer han det naturlegvis med eit særskilt blikk på den rolla Tyskland bør spela.
For 80 år sidan stod den tyske stridsmakta i Ukraina, ja, i store delar av Sovjetunionen. Brotsverka frå den tida kan aldri gløymast. Skal tyske våpen aldri meir kunne nyttast der? Dei er der alt, men mange ser no på Tyskland som ei sinke i Vestens bidrag til Ukrainas forsvarskamp.
Striden er sterk i Tyskland: Eit viktig antikrigsopprop kom før Habermas, og artikkelen hans kan vel òg lesast som ei forklaring på korfor han ikkje skreiv under på oppropet. I Frankfurter Allgemeine Zeitung kom det eit rasande svar til Habermas frå den unge forfattaren Simon Strauss som nærmast gav underteikna apoplektisk anfall.
Og jamvel i regjeringa er det klare spenningar, med den sosialdemokratiske kanslaren Olaf Scholz i rolla som avvegande instans. Mange har meint at han er for nølande i støttearbeidet. Habermas har fått støtte for at han ikkje ganske enkelt vil identifisera seg med forståinga ukrainarane har av situasjonen. Habermas’ påstand er at ein krig mot ein part med atomvåpen ikkje kan vinnast. Men 3. mai sa finansminister Christian Lindner frå det liberale partiet nettopp at Ukraina må vinna. Rettar han seg med dette spesielt mot Habermas?
Mektig kritikar
Det er slett ikkje utelukka, for Habermas er ikkje berre den mest kjende levande profesjonelle filosofen i verda, han har heilt frå 1950-åra vore ein av Tysklands skarpaste og mektigaste politiske kritikarar og polemikarar.
Habermas polemiserer med argument, men skjuler ikkje engasjement og eigne kjensler, som i denne artikkelen. Militært er han ikkje prinsipiell pasifist, og han støtta Nato-intervensjonen i Serbia og Kosovo i 1999, trass i at han lenge hadde samarbeidd med dei serbiske filosofane bak tidsskriftet Praxis, som hadde tatt del i partisankampen mot nazistane i andre verdskrigen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.