– Hadde neppe gjeve ut boka i dag

Bernhard L. Mohr.
Bernhard L. Mohr.

Cappelen Damm har stått for omsetjinga og utgjevinga av den russiske forfattaren Zakhar Prilepin i Noreg. Seinast i 2018, då romanen Klosteret kom ut. Då Mikhail Sjisjkin prata med Dag og Tid, var han opprørt over at forlaget ikkje nemner Prilepins støtte til Putin-regimet på nettsida si. No, etter Dag og Tids intervju med Sjisjkin, er omtalen endra.

Bernhard L. Mohr er forlagsredaktør for russisk litteratur i Cappelen Damm.

– Har de endra forfattaromtalen på heimesida i løpet av dei siste dagane?

– Vi har faktisk endra forfattaromtalen med den nyaste informasjonen på oppfordring frå Sjisjkin. No står det mellom anna at Prilepin er sett på EUs sanksjonsliste, seier Mohr.

Cappelen Damm omsette boka på grunnlag av dei litterære kvalitetane, understrekar han.

– Vi er det forlaget som omset mest russisk litteratur i Noreg, og Klosteret vart gitt ut lenge før dagens krig. Då boka kom ut, fekk ho unison hylling i både russiske og norske medium.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement