Bakgrunn

Hamas’ plan for åtaket og krigen

Kor lenge planla Hamas-leiarane åtaket og krigen?Kva var drivkrafta? Kor mange tusen palestinarar rekna dei som naudsynt å ofra for å stogga fredsplanar og snu stemninga i arabiske og vestlege land?

21. juni 2023: Hamas’ øvste leiar, Ismail Haniey (t.v.), møter Irans øvste leiar, Ayatollah Ali Khamenei, i Teheran i Iran.
21. juni 2023: Hamas’ øvste leiar, Ismail Haniey (t.v.), møter Irans øvste leiar, Ayatollah Ali Khamenei, i Teheran i Iran.
Publisert Sist oppdatert

For kring to år sidan byrja Hamas planlegginga av Israel-­åtaket og Gaza-krigen. Me skal her ta føre oss førebuingane kronologisk. Både palestinske, israelske og uavhengige kjelder peikar på konkrete hendingar som førte til at åtaket og krigen hamna på teiknebrettet til dei øvstkommanderande i Hamas.

April 2021

Kva for hendingar? Eit spor finn me i Hamas-namnet på åtaket for førti dagar sidan, Al-Aqsa-syndfloda. På Al-Aqsa-plassen i Jerusalem har det kvar einaste april dei siste åra vore opptøyar, og spaninga har auka ved at muslimsk ramadan og jødisk påske har falle saman i tid.

I april 2021 kjem israelske settlarar til plassen for å be. Det provoserer, slik bøn frå Al-Aqsa-
minareten provoserer den israelske presidenten som vitjar Vestmuren eit steinkast unna.

Med muslimske augo vanhelgar settlarane staden, slik statsministerkandidat Ariel Sharon vanhelga han med si vitjing i 2000, startskotet på den andre intifadaen, Al-Aqsa-intifadaen.

Hamas-åtaket og krigen i haust er «trigga av tre faktorar», konkluderte Al Jazeera i ein analyse 11. oktober. Éin av faktorane er «settlar-framstøyta som Israels ytre høgre-regjering tillet». Dei andre faktorane kjem me til seinare i saka.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement