Hanskane er av i laksekampen

Grunnrenteskatten på oppdrett skal berre gjelde vinstane frå sjøen. Men det er landanlegga som har blitt kampsona.

Produksjonshallen ved SalMar-anlegget på Frøya, 2010. Det er landanlegga til oppdrettsnæringa som no er råka av permitteringar.
Produksjonshallen ved SalMar-anlegget på Frøya, 2010. Det er landanlegga til oppdrettsnæringa som no er råka av permitteringar.
Publisert

Striden om grunnrenteskatten for oppdrettsnæringa spissar seg til. SalMar, verdas nest største lakseprodusent, har sendt ut permitteringsvarsel for 851 tilsette på Frøya og Senja frå nyttår. Det er 45 prosent av alle tilsette i selskapet. Lerøy Seafood vil permittere 339 tilsette ved fire anlegg, NovaSea vil kutte 18 stillingar på Lovund, og alle legg skulda på grunnrenteskatten som regjeringa vil innføre. Forslaget frå regjeringa inneber ein ekstraskatt på 40 prosent for oppdrettsnæringa og eit tilsvarande skattefrådrag for investeringar i oppdrett, og skatten skulle gjelde frå 1. januar neste år. Men om det faktisk blir slik, står att å sjå. Permitteringsvarsla dei siste dagane har skrudd opp trykket på regjeringa enda nokre hakk, og ingen bør bli overraska om det kjem ein delvis retrett.

Kan hende kjem retretten alt før du får denne avisa i handa, for i dag (fredag) skal finansministeren og fiskeriministeren møte «de største aktørene i næringen. Det tror jeg kommer til å oppklare en del ting», sa statsminister Jonas Gahr Støre til NTB onsdag.

Berre på land

I skrivande stund må vi nøye oss med å sjå på bakgrunnen for krisestemninga. Permitteringsvarsla frå lakseselskapa kan ved første augekast verke rare: Dei råkar berre tilsette ved lakseslakteri eller foredlingsanlegg på land, og den industrien skal framleis ha normal bedriftsskatt i forslaget frå regjeringa. «Regjeringen har ikke foreslått grunnrenteskatt på den delen av næringen som det nå varsles permitteringer i», sa finansminister Trygve Slagsvold Vedum til NTB. Og det er rett at grunnrenteskatten gjeld berre for sjølve oppdrettsverksemda, for det er der det er grunnrente (ekstraprofitten ein kan få gjennom eksklusiv tilgang til ein naturressurs, i dette høvet lokalitetane i sjøen). Likevel kan ein slik skatt få store følgjer også på land. Det store spørsmålet er: Kor mykje er ein kilo oppdrettslaks eigentleg verd?

Sjø og land

I forslaget regjeringa sende ut på høyring i slutten av september, skulle kiloprisen på laksebørsen – den såkalla spotprisen – vere grunnlaget for grunnrenteskatten. Oppdrettarane skulle altså ikkje skattleggjast ut frå den prisen dei faktisk har avtalt med kjøparane. Dette skulle hindre at dei store lakseselskapa kunne lure mykje av overskotet sitt unna ved såkalla internfakturering, til dømes ved å selje laksen billeg til sine eigne foredlingsbedrifter på land. Den industrien har som nemnt vanleg skattesats, og ved å flytte overskot dit kunne konserna redusere skatten frå 62 til 22 prosent.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement