Dag og Tid har spurt Espen Barth Eide om regjeringa kjem til å talfeste eit mål for kor mykje av eigne land- og havareala Noreg skal verne, men har ikkje fått konkret svar. Eide syner i staden til at regjeringa alt arbeider med nytt vern, mellom anna friviljug vern av skog og å ta vare på eit breiare spekter av naturtypar enn det som er verna i dag.
– Det er òg starta arbeid for å etablere fleire nasjonalparkar og landskapsvernområde der det er lokal aksept for det, og vi har ei rekkje område til havs som er i prosess med sikte på vern i løpet av dei neste åra, svarar han i e-post.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.