Utanriks
Har tru på sanksjonar
Mahmoud Farahmand meiner Noreg bør gjere meir for å støtte opposisjonen i Iran.
Eksiliranarar demonstrerer på Jernbanetorget i Oslo.
Foto: Rodrigo Freitas / NTB
I september vart iranske Mahsa Amini arrestert av moralpolitiet. Ho døydde nokre dagar seinare. Dette utløyste store demonstrasjonar i Iran med mange drepne og arresterte. Denne veka vart ein av demonstrantane, Majidreza Rahnavard, avretta.
Mahmoud Farahmand er stortingspolitikar for Høgre og kom til Noreg frå Iran då han var åtte år gammal.
– Korleis meiner du Noreg bør reagere på situasjonen i Iran?
– Det har eg tenkt mykje på. Me bør konfiskere og ta beslag i eigedomar som tilhøyrer personar i Noreg og Europa som har påviselege band til regimet. Dei bør også utvisast. Me veit at mange familiemedlemmer og barn av leiinga i regimet – altså leiinga i Basij-militsen, revolusjonsgarden, moralpolitiet og den politiske og administrative leiinga – bur i utlandet. Dei pengane dei har tatt med seg, er erverva gjennom oligarki og korrupsjon og bør beslagleggjast.
– På kva måte kan dette ha innverknad på regimet i Iran?
– Mistar desse personane verdiane sine og blir utviste frå landet dei bur i, vil kostnaden ved å gjennomføre avrettingar og drap i gatene i Iran bli mange gonger høgare for dei menneska som gir ordre om dette. Blir barna og familiemedlemmene deira tvinga tilbake til Iran, vil dei ikkje ha sine nære og kjære i ei trygg hamn ein stad i verda. Dei vil ha meir å risikere og vil difor ikkje ønskje å ta like store sjansar for å halde oppe regimet. Det kan i sin tur føre til at regimet mest sannsynleg vil byrje å falle frå kvarandre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.