Kommentar

Hardt mot hardt

Noreg er på veg inn i spagatens tiår.

Russisk militærpoliti studerer ein Ilyushin Il-76MD-maskin på antiterrorøvinga Peaceful Mission 2021 i regi av «Shanghai-landa» (Russland, Kina, India og ei rekkje tidlegare sovjetstatar) og SCO-alliansen.
Russisk militærpoliti studerer ein Ilyushin Il-76MD-maskin på antiterrorøvinga Peaceful Mission 2021 i regi av «Shanghai-landa» (Russland, Kina, India og ei rekkje tidlegare sovjetstatar) og SCO-alliansen.
Publisert Sist oppdatert

«Verda står ved eit vendepunkt» uttala den nye amerikanske presidenten, Joe Biden, i mars om den skiftande globale dynamikken. «Vi vil berre klare å fremje amerikanske interesser og halde oppe dei universelle verdiane gjennom å arbeide for å gjere felles sak med våre næraste allierte og partnarar.»

Gamle alliansar vert fornya, nye pakter vert inngåtte, militære utpostar i ørkenland vert overlatne til andre, og bilaterale avtalar om basar, trening og militære operasjonar hjå perifert viktige småstatar som Noreg vert oppjusterte og utvida.

På russisk side går arbeidet i same retning. Putin nyttar den styrkte posisjonen som Russland mødesamt har bygd opp sidan 2008, til å setje raude strekar rundt moder Russland. Det er hardt mot hardt no.

Alt for tre år sidan signaliserte den nye amerikanske forsvarsstrategien at jihadistar måtte nedprioriterast. Lat terrorkrigane gå sin gang! No gjeld det å halde Kina og Russland (og Iran) i sjakk – teknologisk, økonomisk og militært.

Tre år seinare har eit revisjonistisk og stadig meir sjølvsikkert Russland bestemt seg for å stenge Nato ute frå Ukraina, koste kva det koste vil. Kinas appetitt på Taiwan vert stadig tydelegare, og militæropprustinga i Sør-Kina-havet aukar raskt.

Og mot sør mister USA og Europa grepet i atomforhandlingane med Iran, som trekkjer motvillig mot Asia for å unngå militærangrep frå Israel (og USA) som kan setje heile Midtausten i brann. Å kontre rivalar er eit sjansespel. Dei mørke skyene står i kø.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement