Harris blir heimsøkt av inflasjonen
Kanskje vart presidentvalet i USA 2024 avgjort ved bensinpumpene og i matbutikkane.
President Joe Biden og visepresident Kamala Harris i august 2023. Den økonomiske politikken deira bidrog til å få ned arbeidsløysa, men inflasjonen som tok av i 2022, gjorde større inntrykk.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Kva avgjer om Kamala Harris eller Donald Trump vinn presidentvalet på tysdag? Innvandring, abort, våpenlover, utanrikspolitikk, kriminalitet, høgsterettsutnemningar, klima, handelskrig med Kina? Alle desse tinga kan spele ei rolle. Men det er eitt politikkfelt som truleg har hovudrolla, i dette presidentvalet som i så mange val før. Og det er økonomien.
Om vi skal tru meiningsmålingane, er ingen andre politiske tema så viktige for amerikanarane for tida. Og dette lovar ikkje godt for sjansane til Kamala Harris. For det første føler over halvparten av amerikanarane at dei har fått dårlegare råd dei siste fire åra, og dette heftar ved visepresidenten og partiet hennar. For det andre seier eit fleirtal at dei har større tillit til Trump enn til Harris i økonomisk politikk. Dersom Trump igjen blir president i USA, trass i usamanhengande tale, alle skandalar, rettssaker og åtaket på Kongressen i januar 2021, er det truleg her nøkkelen ligg.
«Ekstremt viktig»
Kva fortel meiningsmålingane oss om prioriteringane til veljarane i USA? Analyseselskapet Gallup har i mange år spurt amerikanarane om kva tema som er viktigast for dei i valet, og funna i år er ganske klare. I haust seier 52 prosent av dei spurde at økonomi er «ekstremt viktig» når dei skal røyste, medan 38 prosent seier at økonomi er «svært viktig» for dei. Det vil seie at økonomi kan vere avgjerande for 90 prosent av veljarane i presidentvalet. (Dei to neste plassane på prioriteringslista til veljarane gjekk til «demokratiet i USA», som var ekstremt viktig eller svært viktig for 85 prosent, og «terrorisme og nasjonal tryggleik», som vart framheva av 83 prosent.)
Også meiningsmålingar med andre spørsmålsstillingar tyder på at økonomien veg tyngst. Ei undersøking for Bloomberg i vippestatane denne veka synte at 36 prosent av veljarane der meinte økonomi var det aller viktigaste for dei i valet. (15 prosent svarte at innvandring talde mest, medan 12 prosent meinte at abort var det viktigaste temaet.)
Krisekjensle
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.