Hatet mot jødarKvifor hata massemordaren i Pittsburgh Hebrew Immigration Aid Society?Laurdag 27. oktober small det i Pittsburgh i delstaten Pennsylvania. Ein 46 år gammal mann, Robert Bowers, trengte seg inn i en synagoge i byen og myrda elleve menneske. D
Kvifor hata massemordaren i Pittsburgh Hebrew Immigration Aid Society?
Laurdag 27. oktober small det i Pittsburgh i delstaten Pennsylvania. Ein 46 år gammal mann, Robert Bowers, trengte seg inn i en synagoge i byen og myrda elleve menneske. Denne terrorhandlinga sjokkerte mange. Ikkje minst var retorikken til mordaren sjokkerande. Han minte oss om at antisemittismen er ei veldig kraft for mange ekstremistar.
Før han gjekk amok skreiv Bowers mange meldingar på sosiale medium, meir presist på Gab, eit sosialt nettverk der mange høgreekstremistar er aktive. I den siste meldinga gjekk han til angrep på HIAS. Men kva er HIAS?
Jødisk hjelpeorganisasjon
HIAS er ei forkorting for Hebrew Immigration Aid Society, ein jødisk hjelpeorganisasjon som blei oppretta i New York på byrjinga av 1880-åra. Sjølvhjelpsorganisasjonar er ein gamal tradisjon blant jødar. Som minoritet utan land måtte dei lenge hjelpe sine eigne. HIAS-historia er difor sterkt knytt til moderne europeisk historie og til jødane sin skjebne før, under og etter den siste verdskrigen. Også i Noreg har jødane hjelpt sine eigne. Alt i 1905, då det berre var noko over 1000 jødar i landet, blei den fyste jødiske hjelpeorganisasjonen etablert i Noreg.
For jødane er det å hjelpe andre viktig og rekna som ei mitzveh, ein heilag handling. Slik har det òg vore for HIAS. Dei fyste dei hjelpte, var jødar som immigrerte til USA frå det russiske tsardømet. Desse jødane var dei fattigaste og mest forfylgde i heile Europa. Mange av jødane som kom til Noreg etter 1880, var frå det same området.
Den fyste verdskrigen vart eit vegskilje. Etter infernoet blei dei gamle grensene brotne ned og nye statar kom til. Pogromar og drap fylgde i fotspora til nasjonalistiske rørsler. Dei «kvite» i Russland for fram med dei mest brutale middel. Jødane blei automatisk tolka som «bolsjevikar»; den same koplinga blei gjort av den borgarlege pressa i Noreg. Nærast i sjokk samla norske jødar inn pengar, blant anna til HIAS. Mange måtte flykte, både frå «kvite» og «bolsjevikar». HIAS jobba både mot tida og fordommane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.