Lita skrift
¿ Heilage London
Lytt til artikkelen:
Då eg var i London nyleg, på ein ufortent husmorferie der eg sjølvsagt ikkje tok fly, men rodde over frå Bulandet med brask og pram, hende det noko som forandra livet mitt. Eg gjekk i ei gate i City, som om eg har noko der å gjere, og lydde til finansstrøkets ro, det var attpåtil søndag morgon, og eg såg etter ein pub der eg kunne sitte og jobbe og drikke øl heile dagen, slik vi frilansarar gjer. Eg kikka på litt gatekunst her og hundebæsj der, av og til løfta eg blikket, slik ein skal, og med eitt såg eg det: eit underleg lite hus som halvvegs hang utfor ei bru.
Og ikkje nok med det, ser du: Det stod ein nisse der. Han såg ned på meg, og eg blei varm og svimmel. Eg hadde litt ilt i ein tarm, og tru meg, smerta forsvann på eit blunk.
Og ikkje nok med det: Då eg kom nærmare, såg eg at det var sjølvaste Durek Verrett som stod der. Han som kallar seg sjaman, veit du. Han som er guruen til Gwyneth Paltrow og mange andre Hollywood-kjendisar, veit du, og som seier at når folk kallar han stjernenes sjaman, må han brekke seg, for han er folkets sjaman. Han som har norsk-
indisk mor, veit du. Han som er i lag med prinsessa som ikkje lenger er prinsesse, eigentleg, veit du. Han lét ansiktet sitt lyse over meg, og eg måtte smile, noko eg svært sjeldan gjer, særleg i desember.
Ikkje nok med det heller: Rett etter at eg hadde møtt blikket hans gjennom kameralinsa, då eg berre måtte ta eit bilde, fekk eg auge på den vakraste, herlegaste puben eg har sett, og han var open, sjølv om klokka knapt var elleve.
Då eg såg opp igjen, var han borte, nissen; han lukta vel at eg representerte norsk presse. Men tru meg: Eg frilansa veldig godt denne søndagen, ved eit godt bord, på ein god stol, med godt lys og eit hav av stout og IPA på fat og flasker rundt meg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.