Det tok meg tjue år å innsjå, og tretti år å vedgå: Oslo er ok.
I verste fall har hovudstaden vore ok i alle desse åra, sjølv dei med Frp i bystyret, utan at eg fekk det med meg. De ser det, at her i Dag og Tid-verda er Oslo liksom eit naudsynt vonde, eit vegkryss, ei rundkøyring, ei sentral, overprisa tomt. «Me skriv i Oslo, ikkje om Oslo, slik me skriv på nynorsk, ikkje om nynorsk.» Og så bortetter, sa me, og lengta heim.
Synet mitt på hovudstaden har sjølvsagt ikkje minst endra seg av at heimbygda, med åra, kjem meir og meir på avstand. Heime blir til sist der hatten heng, anten ein vil eller ikkje.
Då eg arva båt og fekk sjå byen frå sjøsida, hende noko meir. Då skein Oslo som eit Shangri-la! Med eller utan torsk i fjorden.
Endå meir hende med haldninga mi til hovudstaden då eg endeleg var gamal nok til – skamlaust – å skaffa meg elsykkel. Med sykkelen oppdaga eg Nordmarka og Lillomarka, og gjorde meg lommekjend frå Maridalen via Sørkedalen til Grua, frå Skytta til Harestua til Store Daltvuven og Katnosa, utan å vera nær asfalt. (Ski funka aldri for meg i Marka, eg kjøpte dei smørjefrie før smørjefrie ski fekk glid.) Frå sykkelen, på milevis med stigar og bilfrie grusvegar mellom blenkjande bade- og fiskevatn, innser eg at ingen by som eg kjenner eller har høyrt om, kan lokka med noko liknande.
På veg til denne innsikta, som om ikkje den skulle vera nok, og haugen på nok, oppdaga eg ein kald haust då Vestfjorden ved Sandvika fraus til, turskøyter. Skøyter gjev meining og retning til den elles trasige tida då sykkelen berre er transportmiddel. På turskøyter oppdaga og utforska eg Austmarka, Vansjø, Langen og ei mengd andre svære og tilnærma uregulerte vatn med stålis. På Vestlandet kjem snøen før isen, det er difor dei berre går på ski, stakkars.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.