Kommentar

Heimesiger i Qatar

Fotball-VM i Qatar har vist fotball – og kanskje eit geopolitisk skifte.

Qatar har oppnådd det dei ville med VM i fotball, trass i at laget til vertsnasjonen ikkje vann ein einaste kamp.
Qatar har oppnådd det dei ville med VM i fotball, trass i at laget til vertsnasjonen ikkje vann ein einaste kamp.
Publisert

Fotballjournalistar er gode på det dei skal vere gode på, og har blikket festa på ballen og spelarane. Dekninga av VM i Qatar har vore nærsynt. Vi har lese og sett tallause reportasjar og TV-innslag om VM i Qatar.

Knapt nokon av dei har prøvd å stille spørsmål som dette: Kvifor vil ein liten odde på den arabiske halvøya, der det ikkje finst nokon tradisjon for fotball, bruke fleire tusen milliardar kroner på eit idrettsarrangement? Ok, sportsvasking er blitt nemnt kontinuerleg. Men kva tyder det? Kvifor skulle ein mikrostat med 300.000 borgarar (og nærare tre millionar gjestearbeidarar, folk utan statsborgarskap) ha slikt eit enormt behov for å lage reklame for seg sjølv?

Ja, dei har veldig mykje pengar. Men inntektene kjem stort sett frå naturgass, som alle nærast slåst om å få kjøpe, og slik var det før energikrisa òg. Og VM i fotball har kosta Qatar om lag like mykje som det årlege bruttonasjonalproduktet i landet. Det er det soleklart dyraste VM-arrangementet nokon gong, det er frå seriøst hald blitt hevda at Qatar-VM i fotball er omtrent like dyrt som alle tidlegare fotball-VM og OL-arrangement – til saman!

Rett nok har mesteparten ikkje gått til stadion, men til annan infrastruktur, til å byggje heilt nye byar og bydelar, flyplass, hamn, vegar, T-banar og slikt. Men alt det kunne dei gjort utan VM. Sportsvasking kan i høgda berre vere ein del av motivet. Ikkje minst sidan mykje av merksemda rundt Qatar har vore sterkt negativ, spesielt i Vesten.

For Qatar har noko mykje viktigare vore i spel. Grunnen til at dei så desperat vil at verda skal sjå dei, er meir eksistensiell. Landet er ei vorte på den arabiske halvøya, og rundt dei har det i over femti år vore krigar, regimeskifte og revolusjonar i mange avskyggingar. Det er risikabelt å vere liten og styrtrik i eit slikt nabolag.

Qatar grensar berre til eitt land: Saudi-Arabia. Og Saudi-Arabia har aldri heilt forsona seg med Qatars sjølvstende. Båe kongehusa spring ut av den same konservative wahabisme-versjonen av islam. Men der Saudi-Arabia har ført ei særs konfronterande linje med Iran og krigar mot sjiaislamske grupper i Jemen, har Qatar valt ei meir diplomatisk linje. Det har gjort Saudi-Arabia rasande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement